Søskenkjærleik
ANDAKT: David, Saul og Jonatans liv blei vevd saman av kjærleik. Og resten er historie, som det heiter. Og for ein historie det vart.
Denne veka skriv Marita Bjørke Ådland andakter i Vårt Land.
Det finst mange typar kjærleik, og denne veka handlar alle dagens bibelord på eit eller anna vis om kjærleik. I dag møter vi David, Saul og Jonatan i eit svært kort tekstutdrag som ikkje gir så god meining utan at ein kjenner litt til historia bak og relasjonane desse menneska imellom.
David har akkurat imponert Saul gjennom kampen mot Goliat, og Saul bestemmer seg for å ta til seg denne modige og sjølvsikre unge mannen som set si lit både til eigen styrke og til Guds rettleiing. Jonatan er Sauls son og blir Davids gode ven og, slik det framstår i forteljinga, ein slags bror. Han fekk David så kjær «som sitt eige liv». Det er ganske rørande.
På vårt beste gir vi menneske kvarandre det beste vi er, og har. Kjærleiken oss menneske imellom kan vera så utruleg sterk. Då snakkar eg ikkje om forelsking eller flyktige kjensler, men den kjærleiken som vever oss saman med kvarandre. Inge Lønning sa det ein gong slik: «Det som gjør meg til den jeg er, er alt jeg har fått, og får, gratis. Kjærlighet i alle fasetter av ordet. Det er jo den aller største gaven: Mennesker som er villige til å veve sitt liv inn i mitt».
Bestill abonnement her
KJØP