Sjå og forstå?
ANDAKT: Det må ha vore lett å tru, dei såg jo og var vitne til alt Jesus gjorde. Men så var det kanskje ikkje heilt slik.
I uke 14 skriver Marita Bjørke Ådland andakter i Vårt Lands spalte Ettertanke, med utgangspunkt i dagens bibelord fra Bibelselskapet.
Vi er brått inne i skjærtorsdagens drama i dagens bibelord, litt på forskot. Jesus gir læresveinane sine brød og vin og seier «Ta imot og et! Dette er min kropp». Og han gjer det same med vinen: «Dette er mitt blod…». Læresveinane blir vitne til dette, og dei deltar i måltidet, også Judas, han som seinare same kveld skal svikta så det syng.
Måltidet skjærtorsdag er for meg den sterkaste augneblinken i Det nye testamentet (kanskje bortsett frå den tomme grava, då). Det er noko med alle dei menneskelege kjenslene som må ha vore i det rommet der dette skjedde. Kanskje såg dei bakover på det dei hadde delt, kanskje såg dei framover på det som skulle skje. Kanskje var dei redde, kanskje fylt av kjærleik, urolege eller håpefulle.
Eg tenker ofte på korleis det må ha vore å vera så tett på Jesus. Det er så lett for oss å tenka at læresveinane var heldige. Det må ha vore lett å tru, dei såg jo og var vitne til alt Jesus gjorde. Men så var det kanskje ikkje heilt slik. Distanse i tid hjelper oss ofte til å forstå ting. For læresveinane var det nok både kaos og kjærleik. I dette måltidet kjem Jesus med ein slags håpefull lovnad eller ein proklamasjon, og den er veldig sterk: «Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min».