Paulus og Pølsa

ANDAKT: Som samfunn går vi glipp av utruleg mykje om vi ikkje gir plass til desse stemmene.

I uke 14 skriver Marita Bjørke Ådland andakter i Vårt Lands spalte Ettertanke, med utgangspunkt i dagens bibelord fra Bibelselskapet.
Publisert Sist oppdatert

Eg er nok ikkje den einaste som har blitt rørt av og imponert over deltakarane i TV-serien Team Pølsa på NRK. Serien er ei påminning til oss alle om at det finst ressursar i oss som vi kanskje ikkje veit vi har, før vi må finna dei fram og før nokon faktisk ser at vi har dei. Og den minner oss om at med dei rette folka og god rettleiing kan nesten alt skje, og vi kan få til uendeleg mykje.

Aller mest fortel serien meg om fantastiske ungdommar som endeleg får ein arena til å visa kven dei er – saman med andre i eit godt fellesskap. Dei fysiske prestasjonane imponerer meg. Men aller mest blir eg imponert av kva dei vågar å seia på TV i beste sendetid: Pia på 14 som seier at ho aldri har vore ordenleg med på eit lag. Tenk å vera 14 år gammal jente og seia det på TV. Det er så modig, det! Eller Syver, blind og med barnedemens, som seier «Hvis jeg ikke griper alle muligheter, er det ikke sikkert jeg lever neste dag».

Som samfunn går vi glipp av utruleg mykje om vi ikkje gir plass til desse stemmene: Den umiddelbare livsgleda, motet til å setja ord på ting slik dei er, og den botnlause ærlegdomen, alt på ein gong, slik livet er. Så spør eg meg: Korleis fekk vi eit samfunn der vi lyttar meir til alt det overflatiske influensar-greiene, det som er in dag og ut i morgon, enn det som er menneskeleg, som knyter oss saman, og som skaper fellesskap? Som Paulus seier i dagens bibelord, så kan faktisk ikkje auget seia til handa: «Eg treng deg ikkje».

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS