Om å halta

ANDAKT: «Kor lenge vil de halta til begge sider», spør Elia folket sitt. Det er ikkje heilt slik vi introduserer den gåva det er å tru, i våre dagar.

I uke 6 skriver Marita Bjørke Ådland andakter i Vårt Lands spalte Ettertanke, med utgangspunkt i dagens bibelord fra Bibelselskapet.
Publisert Sist oppdatert

Eg kan bli ganske overvelda og imponert over profetane i Det gamle testamentet. Dei var modige, fylt av ei heilt spesiell kraft og med eit oppdrag som kosta mykje. Å gjera seg sjølv upopulær og vera tydeleg, kostar. Å vera motstraums er heller ikkje så veldig artig.

Den Elia vi møter i dagens bibelord, er alt dette, og han framstår som ein folkefiende. Han var den einaste av Guds profetar, mens Baal-profetane var fire hundre og femti. Eg hadde backa ut, trur eg.

Det er mykje som kjennest framandt for oss i dagens bibelord. Men den grunnleggande førestillinga, det som blir spelt opp, er ikkje framandt for oss, for det handlar om to ting: Trua på at Gud er Gud, og å tora å seia det, meina det og visa det i handling, på tross av at det kostar.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP