Miskunn og sladder

ANDAKT: Jesus vil at vi skal forstå dei rette tinga. Og det er eit viktig poeng for oss i dag også.

ANDAKT: I uke 38 skriver Marita Bjørke Ådland andakter i Vårt Lands spalte Ettertanke, med utgangspunkt i Dagens bibelord fra Bibelselskapet

Det er ganske mykje som skjer både i sentrum og periferi når Jesus gjer under.

I dagens bibelord møter vi to blinde som følgjer etter Jesus. Dei gir seg ikkje før dei får kontakt, Jesus rører ved augo deira, og dei ser. Dei to blinde ber om at Jesus må miskunna seg over dei, forbarma seg over dei og visa nåde. Dei får synet tilbake, Jesus hjelper dei. Det er ein letthet over heile situasjonen, Jesus lækjer dei utan at det blir særleg mykje oppstyr av det. Men så blir Jesus streng og seier til dei at ingen må få vita noko om kva som har skjedd.

Det går som det måtte gå: Dei to blinde går ut og fortel om kva som har skjedd. Eg skjønar dei så godt, og eg let meg stadig forundra over at Jesus så ofte seier at dei ikkje skal fortelja om kva som har skjedd (sjølv om eg skjønar at det vil bli svært travelt i lækjings-bransjen). Sidan Jesus er så streng, må det vera viktig for han, veldig viktig. Men heller ikkje denne gongen funkar det, for før Jesus veit ordet av det, er det ein mann i køen som var stum.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP