Lita handling, stor tru

ANDAKT: Kanskje det aller viktigaste likevel var dette: Når Jesus helbreda, var det ein helbredelse tilbake til fellesskapet, tilbake til der kvinna høyrde heime.

Denne uka skriv Marita Bjørke Ådland andakter i Vårt Lands spalte Ettertanke, med utgangspunkt i dagens bibelord fra Bibelselskapet
Publisert Sist oppdatert

Jesus møtte mange ulike menneske med mange ulike lagnader. Vi høyrer i evangelia ofte om dei aller mest sårbare menneska som får livsforvandlande møte med Jesus. Det er heilt fantastisk, og det gjer meg så glad å høyra til i ein samanheng der det nettopp er dei utstøytte som blir løfta fram.

Eg vil ikkje seia dei svake, men dei utstøytte. Eg trur nemleg ikkje denne kvinna vi høyrer om i dagens bibelord, var særleg svak. Ho hadde vore plaga med blødningar i mange år, og det var heilt sikkert ei enorm påkjenning både mentalt og fysisk. Fysisk fordi det var plagsamt og sikkert smertefullt og ubehageleg. Mentalt fordi det kjentest ekkelt, kanskje ho lukta vondt, kanskje ho var utstøytt frå familie og andre sosiale samanhengar, kanskje ho var heilt utsliten av dette. Kvinna var tvert om sterk. Sterk og modig! Ho våga nemleg å be om hjelp. Det er noko av det vanskelegaste som finst, for då gjer vi oss også sårbare.

Men det er også noko av det viktigaste som finst, for då vågar vi å visa at vi treng andre menneske. Vi klarer oss ikkje aleine. Det var sjølvsagt viktig for kvinna med blødingane at ho blei helbreda fysisk. Det gjorde livet hennar enklare og betre. Kanskje det aller viktigaste likevel var dette: Når Jesus helbreda, var det ein helbredelse tilbake til fellesskapet, tilbake til der kvinna høyrde heime. Eg trur den mest overveldande følelsen var det å ikkje vera utanfor meir. Mange av dei Jesus møtte, sprang tilbake til fellesskapet og fortalte kva Jesus hadde gjort. Vegen tilbake var open!

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP