Ingen spøk
ANDAKT: Når vi klagar, erkjenner vi at verda er tøff og livet er tøft. For det er det.
I uke 14 skriver Marita Bjørke Ådland andakter i Vårt Lands spalte Ettertanke, med utgangspunkt i dagens bibelord fra Bibelselskapet.
Det er ingen spøk å eta manna i 40 år. Eg skjønar at israelsfolket blei lei heile greia, både maten og den uendelege ørkenvandringa. Det er ikkje tilfeldig at nettopp «ørkenvandring» har blitt eit ord som symboliserer noko uendeleg og keisamt, krevjande og noko som synest å vera utan ende. Frå eit menneskeleg perspektiv var det nok tøft i ørkenen, og så varte det i 40 år!
I dokumentaren «Moses» som du finn på Netflix (verkeleg å anbefala!) lærer vi mykje nytt om vandringa i ørkenen, om kampen forut, om korleis dei prøvde å byggja opp eit samfunn i desse åra, etter mange år som slavar og undersåttar. Vi lærer om korleis både jødar, muslimar og kristne forstår og tolkar historia om Moses.
Det er ei veldig sterk historie som alltid har fascinert meg, det er trist og storslått, håplaust og samstundes heilt og fullt drive av nettopp håpet og forventninga om og til det lova landet. Og så lærer forteljinga meg at det er lov å klaga.