I grevens tid og i nådens tid
ANDAKT: Dei fleste av oss opplever både motgang og medgang, at det går vår veg og heilt motsett veg. Ingenting av dette er skjult for Gud.
ANDAKT: I uke 38 skriver Marita Bjørke Ådland andakter i Vårt Lands spalte Ettertanke, med utgangspunkt i Dagens bibelord fra Bibelselskapet
Når vi lykkast med noko, når vi var på rett stad til rett tid, når vi hadde flaks eller akkurat nådde ein tidsfrist, seier vi ofte at det var «i grevens tid».
Opphavet til dette uttrykket er usikkert, men det har i alle fall etablert seg som eit uttrykk for ein god augneblink der vi lykkast med noko, kanskje litt mot alle odds. Litt flaks og god bør treng vi alle i livet.
Dagens bibelord snakkar om ei anna tid, nemleg «nådens tid». Salme 69 er ein salme av David. Kong David hadde eit liv der han nok ganske ofte var på rett plass til rett tid, men det motsette skjedde nok også, på feil plass til feil tid. Slik er det med dei fleste av oss, og eg synest det er både sterkt og viktig at David med alle dei fasettane som hans personlegdom og hans liv representerer, har ein så sentral plass i Bibelen.