Heite kjærleiksord

ANDAKT: Det vi har saman, gjer oss i stor grad til dei vi er, og dei av oss som har fått oppleva kjærleiken til og frå eit anna menneske, har mykje å takka for.

Marita Bjørke Ådland skriv denne veka andakter i Vårt Land.
Publisert Sist oppdatert

Har du fått med deg at dei heite kjærleiksorda har snike seg inn i salmeboka vår? Det rett og slett elskar eg!

Vi lever i ei tid der vi heldigvis er mykje betre på å uttrykka kjærleiken med ord enn det vi var i gamle dagar. Det er bra, det! Det har kanskje vore ei bratt læringskurve for enkelte av oss, men vi kan kanskje finna trøyst i at dette dreiv folk med i riktig gamle dagar også, altså i gamaltestamentleg tid, ikkje minst i den saftige Høgsongen.

Dagens bibelord er eit av dei bibelorda brurepar gjerne vil ha i vigsel, og det er veldig flott! For kjærleik, ekte kjærleik, mellom to som elskar kvarandre, er ei utruleg sterk kraft. Om vi skal seia det litt svulstig, er det jo på mange vis det vi lever for, det vi lengtar etter, og det vi håpar å finna. Diverre er det ikkje alle som lykkast, og det er heller ikkje alt vi lykkast med. Men når det verkeleg skjer, er det ei sterk oppleving, livsforvandlande og lidenskapleg. Difor er eg veldig glad for at fleire salmar uttrykker også dette aspektet ved livet, og at det er fleire enn Bjørn Eidsvåg som dei siste åra har skjønt at det er innafor å synga om den fysiske kjærleiken også i kyrkja.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP