Gud er

ANDAKT: Ikkje uventa er Moses litt tvilande til dette oppdraget, omfanget tatt i betraktning.

Publisert Sist oppdatert

Kven er eg? Kva skal eg svara? Desse to spørsmåla får Gud frå Moses. I dagens bibelord blir vi ein del av samtalen mellom Gud og Moses om den store oppgåva Moses får frå Gud; Moses skal føra folket sitt ut av Egypt og inn i det lova landet.

Ikkje uventa er Moses litt tvilande til dette oppdraget, omfanget tatt i betraktning. Gud gir oss menneske både små og store oppgåver og utfordringar. Mange at dei menneska vi møter i Bibelen, får i overkant store oppgåver. Tenk berre på Moses eller Abraham (og ikkje minst Sara!). Tenk på Maria (og ikkje minst Josef!), eller Jesaja og mange av dei andre profetane. Det er jo nesten heilt ufatteleg at dei gjekk inn i det, aksepterte det og sa ja til oppdraget.

Dei var ikkje supermenneske (heldigvis). Og mange av dei protesterte på kallet, stilte spørsmål ved eigne evner og om dei var dei rette til oppdraget dei hadde fått. Moses stiller to spørsmål ved Guds oppdrag til han: «Kven er eg», og «kva skal eg svara?» Samtalen mellom Gud og Moses er eigentleg ei bra innføring i korleis ein kan bli preppa for eit oppdrag i Guds verd.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP