Godleik og truskap

ANDAKT: «Ingen har varda den vegen du skal gå», seier Olav H. Hauge i eit dikt. Der er eg usamd med Hauge. Nokon har varda den vegen.

Marita Bjørke Ådland skriv andakter i Vårt Land i veke 40.
Publisert Sist oppdatert

Vi ynskjer alle å læra borna vore både godleik og truskap. Det trengs i ei verd som så ofte serverer oss det motsette; hat og usunn skepsis, krig og uro, enkle løysingar heller enn truskap og tillit.

Godleik og truskap trur eg først og fremst vi kan læra oss (og andre) gjennom korleis vi faktisk er. Handling talar ganske ofte høgare enn ord. Barn lærer gjennom det dei ser, og det vaksne gjer. Ein utviklar ikkje empati berre gjennom ord eller bokleg lærdom, men gjennom sjølv å ha erfart både godleiken og truskapen. Det høyrest kanskje strevsamt og slitsamt ut, men eg trur det er riktig.

Som foreldre eller lærarar eller åndelege leiarar i heim eller kyrkjelyd skal vi ikkje gå rundt og bli så perfekte at vi sjølv trur at vi er feilfrie. Historier frå mange kyrkjelyder har vist oss kor feil det kan gå.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP