Ein leksjon i fruktdyrking
ANDAKT: Vi er ikkje greiner som skal bera oss sjølve, som skal klara alt, som skal veksa og gro i eiga kraft.
På tross av oppveksten min i Hardanger kan eg ikkje skryta på meg særleg mykje kunnskap om fruktdyrking, anna enn på eit heilt elementært nivå. Eg veit at Filippa-eple blir godt syltetøy, og eg veit at favorittplommesorten min er Opal. Og så hugsar eg at min gamle barndomsnabo Jostein dreiv med poding. Eg var veldig fascinert av det.
Og eg liker at biletet blir brukt hjå Paulus også. Det er ein måte å forklara den tette forbindelsen mellom oss menneske og Gud. Når Paulus bruker dømet frå fruktdyrkinga, får han fram den heilt unike forbindelsen som vi kan seia at vi har til Gud. Poding er, slik eg med min låge kompetanse oppfattar det, biologi i den forstand at det er er noko som veks saman: Noko som i utgangspunktet ikkje høyrer saman, blir sett saman – og vips, så høyrer det saman likevel.
Er det ikkje litt slik det er med Gud og oss? Den brotne relasjonen mellom Gud og oss menneske blir lækt: «Gud har makt til å poda dei inn att». Gud har makt til å ta greinene, oss menneske, og føra oss saman med Gud. Jesus Kristus er det som bind oss saman att. Og når vi er poda inn att på Guds tre, får vi sevje frå rota: Vi får kraft frå Gud, vi høyrer saman med Gud! Og så kjem Paulus med ei viktig påminning til oss i dag, og det er noko å tenka på: «…hugs at det er ikkje du som ber rota, men rota som ber deg».
Bestill abonnement her
KJØP