Det er meir!
ANDAKT: Gud held fram med å skapa og går aldri tom, verken på skaperkraft, nye begynnelser, nytt håp, nytt liv, mjøl eller olje.
I uke 14 skriver Marita Bjørke Ådland andakter i Vårt Lands spalte Ettertanke, med utgangspunkt i dagens bibelord fra Bibelselskapet.
Er Gud gjerrig? Streng? Snerpete? Eller raus, ein som kan overraska, visa nye perspektiv, skapa endring? Den siste tida har det i denne avisa vore mykje snakk om seksualitet og samliv, og mange av oss har nok fått høve til å tenka gjennom eiga ungdomstid, kva som blei forkynt, og kva vi tok med oss.
Bibelen viser oss ein Gud som vil livet, som vil at vi skal elska, og som formidlar at vi er gitt evna til ansvar. Kjærleiken, folkens! Vi må snakka mest om den og alt det gode med den, i eige liv og i verda!
Dagens fine tekst om enka i Sarepta minner meg om at Gud skaper liv, føde, kjensler, fellesskap, omsorg. Gud er rik på nåde, miskunn, gode gåver og nye begynnelser i livet vårt som heilskap. For oss som prøver å vera kristne, som gjerne vil ha Gud og Bibelen som ei rettesnor i livet, finst det mange andre ting å vera meir opptatt av enn det seksuelle livet til naboen i kyrkjebenken. Heldigvis. Det er nok av urett å kjempa mot, mykje anna å via tid og merksemd til. Dei fleste av oss prøver så godt vi kan å leva rett i forholdet vårt til Gud, oss sjølve og vår neste.