Denne dagen
ANDAKT: Når eg les dagens bibelord frå salme 57, blir eg på mange vis sendt tilbake til 2011, det største nasjonale traumet i vår tid.
Datoen 22. juli er for alltid skriven inn i vårt medvit, både personleg og nasjonalt, i historia og i minnet. Eg hugsar kor eg var, eg hugsar eg skrudde på radioen kl. 17 den dagen og fekk høyra om bomba i regjeringskvartalet. Eg hugsar grua som vaks fram gjennom kvelden og natta, og eg veit og hugsar at eg ikkje klarte å ta innover meg nyhenda som blei verre og verre.
S, det største nasjonale traumet i vår tid. Og eg tenker på dei som stod i dette, som kjende smerta, usikkerheita og frykta, sorga og tomrommet, mørket og det kalde vatnet. Den uoverkomelege dagen etterpå, frykta for kven som levde og kven som var døde.
Alle dei lange og tunge dagane som kom. Sorga som aldri blir borte. Eg veit ikkje om dei, som salmisten i dagens bibelord, nokon gong kan kjenna at det snur. Men eg håpar og ber om at alle som opplevde dette, og alle som kvar dag rundt i verda, opplever krig og gru og sorg og tap, ein dag kjenner at noko snur.
Bestill abonnement her
KJØP