Alt?

ANDAKT: Heldigvis handlar ikkje denne teksten om vår menneskelege og, akk så ofte skjøre, kjærleik.

Marita Bjørke Ådland skriv andakter i veke 40.
Publisert Sist oppdatert

Dagens bibelord frå 1. korintarbrev kapittel 13 er kanskje ein av dei mest brukte tekstane i vigsel. Det er ein veldig fint tekst om kjærleiken som eg er veldig glad i. Likevel kan eg kjenna at eg nesten blir litt andpusten når eg les denne teksten. For det er fort gjort å blanda korta her.

Mange av oss har erfart at kjærleiken slett ikkje toler alt. I alle fall ikkje den menneskelege kjærleiken. Difor meiner eg at desse orda må kommenterast når dei blir brukt som tekst i vigsel. Sjølv er eg verken særleg tolmodig, slett ikkje alltid velvillig, det hender til og meg at eg er misunneleg. Slik sett stryk eg på fleire av punkta i ein ekteskapleg samanheng og i alle andre samanhengar.

Men heldigvis handlar ikkje denne teksten om vår menneskelege og, akk så ofte skjøre, kjærleik. Rett nok vil eg seia at kjærleiken oss menneske i mellom er eit glimt av den store kjærleiken, den vi i vårt jordiske liv kanskje anar meir enn erfarer, eller for å seia det med forfattaren sjølv: noko vi ser i spegel og gåter. På vårt beste kan vi verkeleg ana det storslagne ved Guds kjærleik når vi ser korleis vi elskar kvarandre. Men så veit vi at vi også evnar å øydelegga kvarandre, svika, krenkja og søkja vårt eige meir enn det som er fellesskapets beste. Difor vil eg helst ikkje legga desse kjærleiksideala på brureparet, sjølv om det er fint med ideal å strekka seg etter. Men eg vil heller minna brureparet, og oss alle, på at den kjærleiken som verkeleg held ut alt, trur alt, håpar alt og toler alt; det er Guds kjærleik til oss menneske. Og det største beviset på det er at Gud sende sin eigen son til jorda for å retta opp att alt vi har øydelagt, ikkje berre i vårt forhold til Gud, men også i vårt forhold til våre medmenneske.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS