Å rydde er å lage rom
ANDAKT: Å rydde er å lage rom. Kvitte seg med gammalt rask. Gjere seg klar til å ta imot og feire det nye som er på veg.
I uke 51 skriver Anne Marit Riste andakter i Vårt Lands spalte Ettertanke, med utgangspunkt i dagens bibelord fra Bibelselskapet
Eg er ingen ihuga ryddar. Det løyser eg vanlegvis med å ikkje rote for mykje. Men no på seinhausten har eg likevel hatt eit lite rydde- og vaskeprosjekt i heimen. I løpet av nokre veker har eg tatt rom for rom (eg har heldigvis ikkje så mange!) og gått gjennom alle hyller, skuffer og skap. Gitt bort litt. Kasta litt. Gjort reint. Rydda på plass. Og mens eg har gjort det har eg tenkt på mor mi og på husmorideala eg vaks opp med – og som eg er veldig langt unna å leve opp til.
Eg har tenkt på ryddebølgja som har skylla innover oss dei siste åra – og alle som lever av å skrive bøker eller lage digitalt innhald om rydding. Kva er det med rot og rydding? Kvifor slår det an? Sjølv har eg flytta mykje gjennom livet. Etter nokre ganske få år på same stad eller i same husvære, har eg brukt å samle saman det som er verdt å ha i nokre banankasser og reist derifrå. Og så har eg leigd nokon til å vaske ned.
No prøver eg å bli verande og feste røtene mine. Då må eg også øve meg på det som høyrer med til det å bu lenge på same stad. Rydde. Gjere reint. Halde ved like. På ein god dag kan eg kjenne: Å rydde er å vere på lag med Skaparen og samvirke med han.