Nyheter

Tøy er gøy

Vi hadde for lengst bestemt oss for at vi ville bruke tøybleier på barnet vårt, og var så heldige også å nettopp få arve store mengder tøybleier.

Luke nummer tre handlar om det å vere tre. Men eigentleg handlar det om kva vaner vi har, og korleis vane og «det vanlege» ofte treng ein revisjon.

Difor kan innlegget vere interessant for fleire enn småbarnsforeldre, sjølv om eg må åtvare om at innlegget omhandlar avføring minst ein gong. Om du er følsom på tema ber vi deg hoppe vidare til luke fire…

Ikkje lettare klimasamvit

Bleieskiftarbeiderar. Det er vi. Og ganske mange andre. For kvart år vert det i følge kjeldene bytta på 182 millionar bleier berre i Noreg. Kvar baby bruker i snitt 6.000 bleier i løpet av ein periode og produserer kring eitt tonn avfall!

Her vi bur står det at ein skal levere papirbleier i matavfallet, men det tyder ikkje at bleiene er komposterbare. Det tyder rett og slett berre at avfallsstasjonane let matavfallet verte til jord fyrst, og at dei sorterer frå papirbleiene (som eigentleg er mest plastprodukt) etterpå. Ingen grunn til å ha eit lettare klimasamvit sjølv om du kastar bleiene i den grøne kompostposen, altså!

«Det beste for barnet?»

Då vi skulle få sonen vår var det mange ting som måtte vurderast. Kvar skulle han sove, når skulle han sove, kva seng, kva kle, kor mykje av alt og kor lite. Om ein vil kan ein raskt bruke store summar på å tre inn i foreldregenerasjonen.

«Du vil vel det beste for barnet ditt» er hovudargumentet frå selgarane.

Men heldigvis og gledelegvis synte det seg at det finst alternativ til å kjøpe alt nytt. Det openberra seg nemleg ein hemmeleg sirkel innanfor foreldrestanden som automatisk forbarmar seg over deg og ser sitt snitt til å sende vidare brukte barnekle i passeleg storleik og i veldig store mengder med ein gong ein ny verdsborgar kjem til. Dette fenomenet trur eg er ukjent for dei fleste vordande foreldre, men desto meir gledeleg!

Brettar, vaskar og tørkar

Vi hadde for lengst bestemt oss for at vi ville bruke tøybleier på barnet vårt, og var så heldige også å nettopp få arve store mengder tøybleier.

Dette er brettebleier av den gamle typen; ein stor kvit klut som du brettar på sinnrikt vis, og deretter kler inn i truse og strikka ullbukse som held på fuktigheita. Vi brettar og vaskar og tørkar, og slik går dagane.

###

Hygienisk med tøybleier

«Dette er ikkje noko for meg», tenkjer du kanskje.

«Det er alt for mykje styr», eller

«æsj, så ekkelt med tissevåte klutar!»

Er du ordentleg snusfornuftig tenkjer du i alle fall: «Nåååja, det spørst no om det er så mykje meir miljøvenleg med all den vaskinga, eigentleg. Tenk på vaskemiddel og alt det der.» og så slepp du eit lettelsens sukk for at du kom på eit kjempebra argument som gjorde at du slapp å ta stilling til om du skulle gå vekk frå papirbleiene for miljøet sin del.

Det er jo så praktisk og hygienisk med den papirbleia! Då vil eg seie dette: Nei, det er ikkje meir hygienisk. Det kan vere mykje meir praktisk, men det er i alle fall ikkje betre eller like bra for miljøet!

Rytme

Vi vaskar tøybleier på 60 grader annan kvar eller tredje kvar dag. Om det går litt lang tid før det er nok bleier til å fylle vaskemaskina så køyrer vi eit skylleprogram for å få ut det som er i bleia. Av og til koker vi bleiene.

Avføring i fast form fangast opp i eit rispapir og går i do. Dermed vaskar vi ikkje bleier meir enn to eller tre gongar i veka, og då er det det fulle maskiner. Det har vorte ein rytme i det, som vi ganske ofte er i utakt med, slik at vi manglar enten reine bleier eller truser eller begge deler. Dermed kan eg vere samd i at det kan vere meir praktisk med papirbleier.

Somme gonger hender det at eg later som eg ikkje veit at vi har ekstra reine par av alt i stelleveska berre så eg kan få bruke papirbleier (ja, vi har papirbleier som vi brukar på reise og andre tilfeller der ein ikkje kan drasse rundt på masse skittenty).

Dette skjer kanskje ekstra ofte om natta. Men om argumentet med kor praktisk noko er er det som får styre deg finst det heldigvis meir praktiske alternativ til brettebleiene som vi brukar. Du kan lese meir om alternativa her: www.bleieforeningen.no

Det enkle er ikkje alltid det beste

Vi har teke eit val om å alltid prøve å finne den løysinga på våre kvardagsutfordringar som er best for klima og miljø. Vi veit at det er å gå for løysingar som ikkje krever plast og kjemikalier og som produserer så mykje avfall (og lukt!) som det papirbleier gjer.

Og det tyder ofte at vi vel det som folk flest ser på som «upraktiske» eller «tungvinte» val, men som gjev oss attende i opplevingar og refleksjonar som folk flest går glipp av når dei flyt tanketomt med straumen.

Det enkle er ikkje alltid det beste, i alle fall ikkje dersom det du gamblar med er framtida til den generasjonen du står og skiftar bleie på.

Les gårsdagens adventskalender: Tørrsjampo

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter