Nyheter

To menneske og ein hund på 11 kvadratmeter

Matias Askvik og Sarah Olausen (23) bygde heimen sin sjølv, på fire veker. Minihustrenden brer om seg, trur arkitekt.

Bilde 1 av 6

Mellom frukttre i ein hage på Nesodden står eit lite, mørkegrått hus på ein tilhengar.

Idet døra opnar, ramlar ein liten, hårete hund ut. Han spring ned tre glatte trinn og tek ei runde i den snødekte hagen medan halen dansar att og fram. Matias Askvik står i døra.

– Velkomen, seier han og smiler.

Kontrabass og hems

Minihuset til Askvik og sambuaren er litt over 11 kvadratmeter. Golvet og reisverk er som eit vanleg trehus, ifølgje paret. Det er godt isolert. Vatn og straum får dei frå familien i huset Solgård, som eig tomta minihuset står på.

Når ein kjem inn døra, er kjøkkenet rett fram. Ei gammal benkeplate, støtta opp av pallar. Skåp laga av tynne treplater. Hyller, skorne ut av gråmåla pallar, rommar glaskrukker med ris, kaffi og krydder.

I eine enden av huset er det biotoalett og pumpedusj. I den andre er det sofakrok i eine hjørnet, også den støtta opp av pallar, og ein kontrabass i det andre. Over den er det hems.

LES OGSÅ: Bur smått med born

Minihus-rørsla

– Vi har vorte over gjennomsnittet opptekne av å leve miljøvenleg. Vi er vegetarianarar og har kvitta oss med bilen, fortel Askvik.

Då dei oppdaga minihus-rørsla – ei arkitektonisk og sosial rørsle i USA, der målet er å leve enkelt og miljøvenleg i små hus – gjekk det ikkje mange dagane før dei var i gang med teikningar og modellbygging.

– Vi er veldig glade i å gjere prosjekt saman, og dette vart jo eit gyllent høve for oss til å gjere eit kjempeprosjekt, der vi ville lære mykje, seier 23-åringen.

På tilhengar

Paret visste lite om husbygging frå før. Askvik kunne bruke litt av det han lærte på scenografi-studiet. Elles var videoar på nett til stor hjelp. Mykje tid gjekk med til å studere lovverket.

– Vi er langt ifrå dei første som har tenkt tanken om å bu slik her i landet, men usikkerheita rundt reguleringsplanane har stått i vegen, meiner Askvik.

– Løysinga var var å bygge huset på ein registrert tilhengar, som kan flyttast når som helst.

Aukande interesse

Arkitekt Marianne Borge trur bevisstheita rundt design av hus er aukande, både i Noreg og utlandet. Ho har sjølv utvikla ei miljøvenleg hytte på 35 kvadratmeter.

– Folk er opptekne av å bruke miljøvenlege materialar. Fleire ynskjer design tilpassa terrenget. Her har små hus eit fortrinn, meiner ho.

Borge trur det er lurt å bygge husa i tre – på den måten blir samspelet med omgjevnadane betre.

Straumkabel rauk

Matias Askvik og Sarah Olausen bygde huset i Moss sommaren 2014. Det tok fire veker.

Mykje av materialet fann dei på gjenbruket. Sykkel vart brukt til å frakte både takplater og kjøleskåp.

Først sto huset i Fredrikstad. Hausten 2015 flytta dei til Nesodden, for å kome nærare hovudstaden. Sjølve flyttinga tok to dagar.

– På ein måte er det mykje arbeid, men på ein annan måte er det fort gjort. Vi får flytta alt på ein gong, seier Olausen.

Men heilt knirkefritt gjekk det ikkje.

– Straumkabelen under huset rauk, så vi måtte stå og kople den til att i fleire timar midt på natta, fortel Askvik.

Men det er ei artig oppleving å flytte sitt eige hus, legg 23-åringen til med eit smil. Paret har foreløpig ingen planar om å flytte frå Nesodden.

100.000 kroner

Olausen er student, og har nettopp vore eit semester som utvekslingsstudent i USA. Med endringa i dollarkursen, gjekk heile stipendet med til skulepengar.

Då var ho glad for at ho ikkje hadde ei husleige eller eit huslån å betale ned på i Noreg.

– Vi brukte 100.000 kroner på heile huset, seier Askvik.

– Vi kvitta oss med mykje og selde det vidare. Sala utgjorde ein tredel av det totale budsjettet til huset, fortel han.

Over eitt år halverte dei talet på klesplagg dei eigde fleire gongar, og no får det meste plass under sofaen.

Lite plass til born

Hunden Najma har roa seg ned, ligg og snorkar lågt ved føtene til Olausen.

– Korleis er det å bu to menneske og ein hund på berre 11 kvadratmeter?

– Overraskande bra. Vi var vel litt redde for at vi kom til å bli gal av å ha liten plass, men det har gått kjempefint, seier Olausen.

– Det viktigaste er at vi har alt vi treng. Ein kan ha dårlege løysinga i store leilegheiter også. Dette huset har vi laga sjølv og det er perfekt for oss, smiler ho.

– Kunne de ha budd i huset med born?

– Ja og nei. Mest nei. Vi har aldri problem med at huset kjennest for lite, men problemet hadde kanskje vore alle tinga som kjem med eit barn, trur paret.

Dei har leika med tanken på å bygge eit tilsvarande hus, som dei kunne kopla på.

– Då kunne vi nok vore fire personar her ei god stund.

Menneske før ting

Ifølgje 23-åringane er det få utfordringar med å bu så tett.

– Det hender eg har spelejobbar og må øve frykteleg mykje på kontrabass. Då kan det vere slitsamt for Sarah, som sit ein meter unna. Elles må vi vaske litt oftare, sidan vi går rett inn i stova. Men til gjengjeld går det veldig fort å vaske, seier han.

Askvik meiner ein ikkje kan døme ein heim etter kor mange kvadratmeter han har.

– 11 kvadratmeter kan kjennest like romsleg som 40 kvadratmeter. Alt ligg i romløysingar og kor mykje plass ein vel å gi til ting, i staden for til menneske.

Kvar gong noko nytt kjem til minihuset, må noko gamalt vike. Det fungerer veldig bra, ifølgje paret.

– Og det er sjølvsagt noko å anbefale til alle, uansett storleik på bustaden, seier Askvik.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter