Litt grønt kvar dag
God adventstid og velkomen til fyrste innlegget i årets bloggadventskalender!
No har vi nettopp kome oss gjennom ein svart fredag og den fyrste lilla sundagen. Den raude tråden i årets bloggkalender er difor korleis du kan gjere både adventstida og det nye året grønare. Kvar dag vil vi poste eit innlegg der vi syner små eller litt større tiltak du kan gjennomføre for å gjere kvardagen din litt meir miljøvenleg.
Vi byrjar heile adventskalenderen med eit tema som alle har eit forhold til: Kle. Anten du elskar eller hatar å ha dei på eller skaffe deg dei så er dei ein del av kvardagen vår. Kle skaper folk, seier dei, men kle skaper også overforbruk, slankepress og uverdige arbeidsforhold.
Du fekk kanskje med deg serien «Sweatshop – dødsbillig mote»? Serien syner det store groteske gapet mellom i-landa sitt overforbruk og produsentane i u-landa sine lidingar som ei følge av den bruk og kast-mentaliteten som kjem i kjølvatnet av det dagleg skiftande motebiletet. Framtiden i våre hender har ein underskriftskampanje som du kan signere for å vere med på å forsøke å betre arbeidstilhøva til dei som lagar kledene våre.
Bestill abonnement her
KJØP