Nyheter

Kven hadde vi vore utan sild?

Få fiskar hadde fortent ein plass i Edens hage betre enn silda. Særleg den norske utgåva av hagen.

Var det fisk i Edens hage? Ja, det flyt nokre ­elver gjennom ­hagen, men kor dei kjem frå, og kor dei skal, er ikkje så klart definert.

Det er nok ganske så typisk. Havet er jo framleis fyrst 
og fremst eit stort mørke for oss – i dei aller fleste tydingar av ordet. Nett for tida trur vi at 
vi kjenner kring tre prosent av livet der nede – og då bruker 
eg ordet «kjenner» i definisjonen «flora og fauna­ vi har eit namn på». Når vi så tenkjer på 
kor ­mykje dei tre prosentane 
utgjer, kan ein verte­ både yr 
og galen av å prøve å forestille seg kor mykje som står att å oppdage.

Ein kan byrje med å innsjå kor uoverskodeleg det er å skulle lage eit forvaltningsregime for havområda våre. Særleg om ein ser kor detaljert kunnskap ein treng om kvar art for å klare å føresjå kva som skal til for å halde han sunn, frisk og i det minste i live. Berre tenk på kor mykje usemje det er kring forvaltninga av 
villaksen - ein art det er brukt milliardar av kroner på å forske på. Men uansett kor mange, dyre og kompliserte laboratorier vi bygger, har det synt seg 
vanskeleg å skape att alt som 
lev i det ekte økosystemet, for ikkje å snakke om situasjonen det lev i.

Lov og rett i Taremareby

­Likevel kjem vi ikkje unna å forsøke. Så lenge vi et mat frå havet, må vi prøve å balansere uttaket vårt slik at det løynde livet kan halde fram mest mogleg uforstyrra av vår inngripen. Di større og meir effektive fangstreiskapane våre vert, di strengare må kvotesystema og forvaltningsregima verte. For di betre vi vert på å fiske, di mindre sjanse får fisken, skaldyra, planktona, tanga og alle dei andre store og små innbyggjarane i Taremareby.

Det er grunnlag for å seie at vi ikkje gjer det så bra. 85 prosent av fiskebestandane i havet er enten belasta maksimalt, overbelasta, utarma eller på veg å kome seg etter ha vore utarma. Ikkje verken kan eller vil verken slutte å ete fisk heller - til det er vi alt for avhengige av uunværlege omega 3-feittsyrene som framleis fins i rikt monn i villfanga fisk. Å sørge for nok omega 3 til å verte enno fleire menneske er ei av dei verkelege utfordringane vi står ovanfor.

Vi treng ei endring i den globale­ fiskeforvaltninga – ja, faktisk treng vi massevis av endringar i ho. Men det tyder ikkje at du 
og eg treng å sitte stille og drøyme­ om framtidige, bærekraftige 
fiskemiddagar medan vi 
ventar.

Ein ting er faktisk temmeleg enkelt: Vi kan halde fram med, og gjerne ete enno meir, sild.

Storleiken det kjem an på

Kvifor akkurat sild? Det har faktisk å gjere med noko så banalt som storleiken. For her er silda i ein klasse for seg.

Torsk, hyse, laks, kveite, breiflabb og steinbit har alle det til felles at dei er eit hakk eller to større enn silda. Det tyder for det fyrste at andre fiskar har dei på sine matfat. Vidare i same tralten jaktar kveita andre stadar i havet enn det silda gjer. Vi menneske, som kan ete av alle matfata, bør prøve å hauste eit så jamnt snitt som mogleg. Når dei ­aller fleste matfiskane våre er jamnstore, er ikkje det noko naturlov, men ein konsekvens av korleis etevanane og marknaden har utvikla seg. Vi har lært oss å ete fisk av ein viss storleik. Sild og brisling er viktige og velsmakande unntak.

Dei skil seg og frå slektningane sine ved at dei veks fortare og vert tidlegare kjønnsmodne. Det gjev oss som haustar av ho større fleksibilitet til å bomme på kvotene innimellom: Om vi skulle hauste for mykje, er det lettare for bestanden å byggje seg opp att.

Mykje smak og bein

Så går det an å seie at sild er ein vanskeleg fisk å servere. Særleg til born. Og silda har mykje smak og mykje bein. Det går an å seie det er tungvint – eller det går an å seie det er tøft. Ingen er tøffare enn han som et mykje sild, gumlar ho nedpå med bein og alt. Får du raw food-entusiastar på middag og lurer på kva du skal servere, kan eg tilby deg både speka og tørka sild. Vi har alle ete rå sild sidan lenge før sushien kom til landet.

Få fiskar hadde fortent ein plass i Edens hage betre enn silda. Særleg den norske utgåva av hagen.

Kven hadde vi vore utan sild? Eg, som er hundre prosent ­kystbu i fleire generasjonar bakover, hadde truleg ikkje eksistert. Mitt liv er tufta på at nokon før meg fann livet der nede i kavet spanande og viktig nok til å leggja utpå.

For silda er komen for å bli. Fleire gonger har ho trua med å forsvinne, men alltid har ho dukka opp att, like feit og fin og livbergande som før. No er vi til og med så heldige at vi kan ete sild fordi vi vil, ikkje fordi vi må. Vi kan ete ho fersk og sprøstekt i sesongen. Resten av året kan vi legge ho på tønner og salte ho ned, filetere ut beine og smakssette ho med alt frå sennep til dill til rømme til tyttebær til sherry. Det viktigaste er at havets sølv – eller havets potet - ikkje forlét vanane våre.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter