Nyheter

Jordbruk utan jord

På langt nær alle tomatar strekk røtene heilt ned i bakken.

Jord er liv. Under bakken vi går på, bur det ufattelege mengder bakteriar, sopp, meitemark, biller, sprett­halar og masse, masse anna. Berre i ei teskei jord er det fleire levande organismar enn det er menneske på jorda. Truleg har vi ikkje klart å identifisere meir enn omlag ein prosent av alt som lever der nede. Enno lenger unna er vi å skjøne korleis alt jordlivet fungerer saman – og korleis det påverkar bruken av matjorda vår.

Jordheimen

Jord gjev liv. Jorda er heim for 98 prosent av maten vi et, målt i energieiningar. Sjølv her i det kalde nord, med lange vintrar og korte somrar, klarar vi å dyrke mat i jorda. Så fort ho tinar opp om våren, er vi der og grev i henne, ristar i henne, ­snusar i henne og puttar planter inn og ut av henne.

Vert ikkje jorda og lufta kring henne varm nok for vekstane vi har lyst til å dyrke, veit vi råd. Rådet heiter veksthus. Det vil til dømes seie at vi set opp ein ­tunell av plastikk eller glas over jorda. Dekket er ­gjennomsiktig og let sollys sleppe gjennom med sin magiske fotosyntese og ­etterlengta varme. Varmen slepp inn, men ikkje så fort ut att.

I veksthuset lagar vi eit mikroklima. Då kan vi mellom anna dyrke tomat, agurk, salat, urter og liknande større delar av året og med større klimatisk tryggleik enn vi elles hadde kunna her nord.

Ikkje noko tre

Vinn-vinn-situasjon? Det er berre å glasse inn heile jordbruksnoreg, tenkjer du kanskje? Diverre veks heller ikkje dette treet inn i himmelen. Gartnarar møter ei rekke ulike problem ved at dei dyrkar den same kulturveksten år etter år, på same plass, under same tak. Alt er ein balansegang her i livet, og under riktige (eller feil) forhold vert livet i jorda eit problem.

Under det tette taket, med den høge temperaturen og dei same vekstane år etter år, har sjukdomar og skadedyr eit perfekt miljø for å formeire seg. I eit ope landskap nyttar ein ­vekstskifte for å vere i forkant av sjuk­dommane – ein flyttar rundt på ­kulturvekstane slik at dei kjem i ny, frisk jord kvart år. Dei same skadesoppane som elskar tomat, er ikkje like glade i kålrot eller raudbete.

Denne flytteprosessen er ­vanskelegare i eit veksthus som sit fast i bakken. Di meir kompliserte veksthusa er, di vanskelegare er dei å flytte på: Moderne veksthus har sensorstyrt lufting, ekstern oppvarming, ekstra tilførsel av CO2 for ekstra mykje fotosyntese – og så bortetter.

Tomatar vert dyrka i steinull, eit vidundermiddel for matproduksjon. Men vil vi ha steril mat? spør Siri Helle. Foto: Unsplash.com

Røter i stein

Ja, så vidare­utvikla har moderne veksthus vorte at dei ikkje ein gong ­nyttar jord. Ingen konvensjonelle, ­norske tomatar har vokse i jord lenger. Dei veks i steinull. Rockwool – same stoffet du kanskje har nytta til å isolere huset ditt med. Steinull kjem frå jordas indre. Basalt – lavastein – vert smelta i omnar ved 1.500 grader. Den flytande massen vert spunne til trådar, som så vert pressa til passeleg tettleik. Resultatet er eit nøytralt, kontrollerbart, reint, ja, endåtil sterilt vekstmedium.

Om det då hopar seg opp med skadedyr i steinulla, bytter ein ho rett og slett ut med nokre års mellomrom. Steinulla er heilt fri for næring, så alt av næringsstoff tomatane treng for å vekse må tilførast utanfrå.

Dette er på eit vis ekstrem­versjonen av presisjonsjordbruk – bortsett frå at det sjølvsagt ikkje er det, sidan ein ikkje ­brukar jord. Men ein ­opererer ut i frå ein ­tanke om at ein har ­definert alt ei ­tomatplante treng for å ­produsere tomatar. Kor ­mykje av dei ­essensielle næringsstoffa nitrogen, ­kalium og fosfor, kor mykje mineral som selen og bor, kor mykje E- og A-vitamin.

Rett og slett eit vedunder­middel for matproduksjonen, med andre ord. Eller? Vil vi ha steril mat? Er det eit mål at alle tomatar skal smake heilt likt?

Dersom bonden, eller gartnaren, ikkje ein gong nyttar ­jorda han har under beina til ­produkta sine, kva er då att av staden i produktet? Når både tomatfrøa, steinulla dei veks i og ­næringstoffa dei veks gjennom er importerte, kva er då att av Nyt Norge i veksthustomatane frå Jæren?

Bedagelege planter

Når vi gjødslar tomatane ut i frå kva vi trur vi veit at dei treng, gjer vi samstundes næringsstoffa enkelt tilgjengelege for planta. Kor lurt er eigentleg det? Lat oss menneskeleggjere planteriket ein augneblink.

Dersom vi menneske lever i eit sterilt miljø, med alt vi treng lett tilgjengeleg, vert vi mest truleg feite, svake, lite interessante og lite motstandsdyktige.

Folk som har møtt litt motstand, kjempa litt, er generelt meir spanande enn dei som har sigla gjennom livet med hjelm og øyreproppar. På same måte er det faktisk med tomatar: Å avgrense tomatane sin tilgang på næringsstoffet nitrogen har synt seg å auke innhaldet av anti­oksidanten flavanoid.

Antioksidantar er del av ­immunsystemet til plantene. Og her er faktisk tomatar som oss: Grunnleggande bedagelege. Når planterøtene badar i næring, er det ikkje trong for å utvikle ­immunforsvar. Difor lèt dei rett og slett vere.

Men vi, menneska, vil jo ha ­antioksidantane. Det er jo ei av årsakene til at vi et nettopp ­tomat. Difor gjer vi godt i å i alle fall hugse at det framleis er ­mogleg å dyrke tomatar i jord. I Noreg. Om ein går inn for det. Du kan til og med ­gjere det sjølv – i vindauget eller i solvegg­kroken på verandaen din, alt ­etter ­klimaet der du bur.

Har du prøvd, veit du kor gode slike tomatar vert. Dei smakar ikkje heilt som andre tomatar. Dei smakar sol og jord – og bitte litt av deg.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter