Søk i Edens hage

Søk  i  alt  innhold  på VL.no

Jobben for føden

Stadig færre av oss veit kva det vil seie å produsere mat. Er det eit problem?

Edens Hage

  • Ein serie om hage, natur og berekraft.
  • Idag: Siri Helle om kvifor så få av oss er engasjerte i korleis maten som vi er heilt avhengige av, vert produsert.
  • Siri Helle er utdanna ­agronom i økologisk landbruk, og har ­arbeidd som gårdsarbeidar og budeie.
  • Har skrive bøkene Handle rett (2014) og Skal landet gro att? (2015).
  • I dag, tysdag 2. juli, kan du høyre henne i programmet Sommer 
i P2 på NRK.

Sol, sol, sol og varme så langt langtidsvarselet syner. Er du ein av sørnorgingane som har nytt sommaren i nærast endelause drag, utan ei bekymring eller ei uro i verda?

Då kan eg slå fast ein ting om deg: Du driv ikkje mat­produksjon i fyrsteleddet – altså det som har kontakt med jorda.

Sjeldan har det vel vore større skilnad på humøret til bønder og ikkjebønder enn frå midten av mai til midten av juni i år. Medan dei aller fleste av oss ikkje har hatt anna å uroe seg for enn at grillkvelden måtte gjerast om til picnic, har bønder venta seg ­grøne og blå på ein stakkars vassdråpe på avlingane sine.

Slik må det nok likevel få lov å vere. Vêret kan vi på kort sikt gjere lite med (bortsett frå å stanse global oppvarming, sjølvsagt), og sjølv ikkje bønder er tente med at alle vi andre går rundt og sturar medlidande i solskinet.

Butikkmat-generasjonen

Men om vi ser litt større på det: Kva tyder det at så få av oss er engasjerte i korleis ­maten vi er heilt avhengige av, vert ­produsert? Under ein prosent av nordmenn er bønder, omlag like mange jobbar i matvare­industrien, under ein halv prosent er fiskarar. Nokre av oss har eit frukttre i hagen eller ei fiskestong i boda, nokre færre ein liten potetåker eller ei jaktrifle. Men dei aller, aller fleste av oss møter ikkje maten vår andre stader enn i daglegvare­butikken.

Det er temmeleg nytt. Eg er fødd på åttitalet, og ­reknar meg sjølv som fyrste ­generasjon heiltids butikkhandlar. Sjølv om foreldra mine verken var eller vaks opp som bønder, vaks dei opp på ei tid med ­potetferie, høyonn og ein ­fetter på ­Gjøvik som dreiv med mjølke­produksjon.

No har fetteren vorte ein inn- og utgift tremenning, han har gått i samdrift og nye hygiene­regelverk gjer det ikkje like ­enkelt å stikke ­innom ­fjøset for ein kjapp kos med ­kalvane eller ein liter mjølk til pannekake­røra. Mat­produksjonen er ­profesjonalisert og ­effektivisert. Ein konsekvens av det er at ­maten er så billeg at vi berre treng å bruke 13 prosent av ­inntekta vår på han. Ein annan er at vi syns han er dyr fordi vi ikkje har aning om kva for eit arbeid som ligg bakom.

EDENS HAGE: LES FLERE SAKER OM HAGE, NATUR OG BÆREKRAFT HER!

Handtering av blomkål

Eg gjekk på jordbruksskule og ­utdanna meg til agronom då eg var 28 år. Ei av dei største aha-opplevingane eg hadde, var i grønsaksåkeren: Eg ­hadde rett og slett ikkje tenkt på at heilt vanlege, plastpakka blomkål var handtert av menneske­hender ein rekke gonger før han hamnar i butikken. Kvar blomkålplante byrjar sjølvsagt med eit frø. Blomkål krev ­lenger vekstsesong i varm jord enn det Noreg stort sett kan ­tilby: ­Difor vert frøet fyrst sådd i ein plugg inne i eit veksthus. Så må den pluggen flyttast ut på jordet. Plantene må ­passast mot skade­dyr og ugras, dei må gjødslast og vatnast før dei skal haustast til riktig tid. ­Etter hausting vert bladverket på blomkålen stort sett stussa og pynta for å sjå ­appetittleg og fin ut for meg og deg i butikken.

Lite robust vekst

Dette gjeld altså kvar einaste blomkål – og tanke­eksperimentet tek ikkje innover seg all jobben med jordarbeiding. ­Fyrste gong eg skulle pløye,

brukte eg åtte timar berre på å stille inn plogen. Ein arbeidsdag før eg i det heile var kome ut på jordet, med andre ord.

Slikt vert sjølvsagt lettare ­etter kvart – men det er ikkje til å kome unna at å ­produsere mat er både kunnskaps- og ­arbeidsintensivt. Kor robust er det å fordele dette arbeidet på stadig færre hender? Frå 2005 til 2015 vart gjennomsnittleg ­grønsaksareal per gardsbruk dobbelt så høgt, medan kvar potetåker vart over tre gonger så stor. Held vi fram slik vert vi berre færre og færre som veit kva ei god settepotet er. Kor få kan vi leve med?

Glansbiletet sprekk

Og kor stor plass skal mat­produksjonen vår få ta? Nett no trakkar det som til haust og vinter skal ­verte dei lukkelegaste biffane og ­fenalåra og fårikålstykka ­kringom i ­bakkane og fjella våre. Kyr, sauer og geiter på sommarbeite i ­utmark og fjell er på den eine sida eitt av norsk jordbruks sterkaste marknadsføringskort – hyppig brukt på alt frå mjølkekartongar til reklamefilmar. Det er her dyra høyrer heime, det er vi alle samde om.

I det minste heilt til det er saueperler på hytteverandaen – tenke seg til, midt i søndags­frukosten – eller geiter på tur heim til mjølking midt i bil­vegen, eller kyr som berre står og heng ved ferista, eller ei ku (eller er er det ein okse? Den har jo horn? Men den har jur óg? Ikkje godt å seie) står berre eit par – tre meter frå stien, utan eit einaste gjerde, og den ser ikkje god ut.

Dyr skal vere i vegen

For med eitt oppdagar vi kor ­hjelpelause vi er. Kor lite vi veit om kva ­signal ei ku sender ut, korleis ein ­flyttar ein geiteflokk eller kor lett det faktisk er å koste vekk ­tørre ­saueperler. Og når vi ­kjenner oss hjelpelause, er det fort gjort å verte redde – og sinte. Med eitt var det ikkje så kjekt med ­beitedyr lenger likevel.

Dyr skal sjølvsagt ikkje vere farlege. Det er dei veldig ­sjeldan – så lenge vi ­handterer dei ­riktig. Nett difor må dei ­halde fram med å vere nettopp i ­vegen. For det er ein av dei få stadane vi vanlege ikkje-­bønder vert nøydde til å treffe på dei. Vi ser det vi bryr oss om, og vi bryr oss om det vi ser. Vi bryr oss om mat. Difor bør vi óg sjå korleis han vert til.

ANNONSE

;