Nyheter

Heimelaga sjampo

Når eg endeleg får vaska håret er det jo fint å vite at det skjer heilt utan skumlerier og uhumsknader!

Vi er veldig glade i gjenbruk. I høve helga kjem difor eit gjenbrukt blogginnlegg. Det er ikkje så lenge sidan sist eg skreiv om tørrsjampo, så difor kan det kanskje vere interessant å lese om annan type hårvask. Fordi de fortener det.

Sjampo utan sulfat

Du har kanskje høyrt om «NoPoo»? Det er kort for no shampoo, og er eit prinsipp der ein freistar å vaske håret så sjeldan som mogleg, og når ein fyrst gjer det så skal ein nytte andre remedie enn tradisjonell sjampo. Det er ein prosess der ein rett og slett let vere å bruke sjampo for å venne hovudbotnen til å regulere sin eigen produksjon av feitt.I tradisjonell sjampo finn ein som oftast ingrediensen sulfat som er tilsett for å tørke ut/fjerne feittet i hår og hovudbotn. Hovudbotnen reagerar på denne akutte uttørkinga ved å sjokkprodusere altfor mykje feitt, og dermed får ein ved bruk av tradisjonell sjampo eit skinnande reint og feittfritt hår som ein må vaske på nytt etter kort tid.

Oppskrift på heimelaga sjampo

Dersom ein vel å følge dette NoPoo-prinsippet skal ein altså la vere å vaske håret så lenge som mogleg med noko som helst anna enn vatn, slik at hovudbotnen får nullstille seg.

Når ein etter kvart tek til å vaske det att (dette kan ta alt frå fem veker til eit halvt år) skal ein bruke sjampo utan sulfat, eller helst heimelaga sjampo etter denne oppskrifta:
  • Omlag 1,5 dl vatn
  • 1,5 ts Natron

Heimelaga balsam

Bland dette i eigna mengder i eigna behaldar. Eg har vaska ei tom sjampoflaske og fyller denne med litt større mengder natronvask frå tid til anna, slik at eg slepp å stå med desilitermål og teskei kvar gong eg skal dusje.

Før vask
Etter vask
Før og etter vask

Dersom eg har trong for balsam skyller eg gjennom det med eplecidereddik blanda med litt vatn (vaskast ut etterpå).

Tradisjonell sjampo med tvilsomme ingrediensar

Og oppskrifta er eigentleg poenget med denne posten. Eg har freista å la det gå litt lenger tid mellom kvar hårvask, men eg har på ingen måtar lete vere å vaske håret mitt i så lenge som fem veker.

Det ville vere heilt uforsvarleg for omgjevnadane, og det er liksom noko med å vere nokon lunde nyvaska når ein sit på orgelkrakken sundags morgon.

Så grunnen til at eg lefla med NoPoo-prosjektet i utgangspunktet var rett og slett at det ville medføre mindre behov for lange hårvaskar og sjølvsagt å heilt kutte ut bruken av tradisjonell sjampo med tvilsomme ingrediensar.

Hårvask utan skumlerier og uhumsknader

I tillegg til at det er fint å skåne miljøet har vi fått eit barn. Framtil det skjedde lo eg av dei som posta jublande Facenook-statusar som «DET ER SÅ DIGG Å ENDELEG HA DUSJA, #mammaliv #gulpoverheilemeg #generellstatusomkroppsvæsker» og liknande.

Det var før. Før eg visste ordet av det har eg no umedvite vidareført NoPoo-prosjektet, sidan det viser seg at det er umogleg å såpe inn håret medan ein står med ein fot i dusjkabinettet, ei hand på ungen på stellebordet og halve kroppen under dusjstrålen. Og når eg endeleg får vaska håret er det jo fint å vite at det skjer heilt utan skumlerier og uhumsknader!

Les gårsdagens adventskalender: Kjøttgreiene


Adventskalenderen er hentet fra bloggen Grøn er ein fin farge

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter