Nyheter

Grøne tomatar

Sit du som oss med hjartesut og eit heilt drivhus fullt av grøne tomatar etter ein legendarisk kald og traurig vekstsesong?

I dette blogginnlegget skal du få både trøyst og tips til kva du kan gjere for å sleppe at timesvis med kjærleg omsorg ender i komposten (sjølv om det ikkje er den verste staden å ende livet).

Eg har nemleg oppdaga chutney! Av grøne tomatar.

Kvalitet framom kvantitet

Biletet ovanfor viser 90% av årets avling.

Dei største er på storleik med plometomat, kanskje, medan snittet ligg på cherrytomat. Men her snakkar vi heldigvis kvalitet langt framom kvantitet.

Kvar tomat har vakse i nesten fem månader for å kome opp i nokon lunde presentabel storleik, og har omlag også smaken til fem tomatar konsentrert.

Chutney

Oppskrifta på chutney av grøne tomatar fekk eg ved eit kjapt søk på internettet, og måtte sjølvsagt tilpassast vår beskjedne mengde tomat, samt få ein lokal vri utifrå råvarene som fanst i hus.

Oppskrift:

60 g sukker, gjerne brunt

200 g grøn tomat

50 ml kvitvinseddik

1 sjalottlauk (her brukte eg ein liten lauk frå hagen)

1 fedd kvitlauk

Høveleg mengde ingefær

Ein liten raud chili

Fem-seks dadlar (Änglamark har nokon farleg gode som eg plar kjøpe når eg ikkje skal ete godteri, men treng noko som kan matche snopet i sukkerinnhald. Heldigvis hadde vi nokre dadlar att. Oppskrifta seier eigentleg rosin)

Litt kanel og kardemomme sidan det snart er jul.

Innlegget held fram etter bileta.

Eg valde også å setje på julekanalen på radioen, men det er sjølvsagt valfritt.

Kutt alt som skal kuttast i høveleg storleik. Ha sukkeret i ein kjele og smelt det til det er brunt og flytande.

Tilsett deretter resten av ingrediensane og kok det opp.

Deretter skal det koke på svak varme i litt over ein time eller til du kan dra ei sleiv langs botnen av kjelen og den dannar eit spor som ikkje umiddelbart vert fylt att av chutney. Eller til ynskt konsistens.

Kok glas ei stund for å sterilisere dei, og hell den varme chutneyen umiddelbart på kokvarme glas.

Skru til loket og set glaset på hovudet til det er kaldt. Slik er du sikker på at glaset vert lufttett og du har deilig chutney som held seg lenge.

Eg fekk eit halvt HaPå-glas fullt. Det er så eksklusiv vare at eg har bestemt meg for å gøyme den til Sjølve 1.juledagsbrunsjen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter