Søk i Edens hage

Søk  i  alt  innhold  på VL.no

For mykje av det gode

Det er ikkje berre vi menneske som kan legge på oss for mykje i høgtida.

BILDER

Edens Hage

  • Om hage, natur og berekraft
  • I dag: Spaltist Siri Helle skriv at historia om kalkunen ikkje berre ei hyggeleg juleforteljing
  • Ho er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn jordbruks- og hagebruksskule. Har arbeidd som gårds­arbeidar og budeie.
  • Helle har skrive bøkene Handle rett (2014) og Skal landet gro att? (2015)
  • Er spesielt oppteken av å bygge krinslaup i matproduksjonen

No er ho er att. Tida då vi berre kan ete. Då orsakingane for å ete står i kø – frå vi står opp til julefrukost til vi går og legg oss etter juletrefesten. Noko et vi av tradisjon, noko av forventning, noko av keisemd, ja, kanskje går det til og med ned ei og anna sandkake av plikt.

Men ganske mykje et vi fordi vi har lyst. Fordi det er hyggeleg å ha tid til å ete saman, og ta seg tid til å lage dei rettane som ikkje vert prioriterte resten av året.

Tradisjonsmaten ville kanskje ikkje overlevd om det ikkje var for jula. Sjølvsagt har juletradisjonane våre endra seg. Nye er komne til undervegs, og gamle har vorte forlatne. Mange av dei er ikkje ein gong våre - og det er heller ikkje noko nytt, sidan vi alltid har lengta litt mot det eksotiske, det spanande, litt dyre og luksuriøse - og unna oss litt ekstra av dette kring juletider. Difor forbind nasa vår jul med appelsin, kanel, nellik og ingefær, medan munnen ventar seg graut på kvite, runde riskorn og kaker og knekk stappfullt av like snøkvite sukkerkrystallar.

Kjært barn

Då er det heller ikkje rart at kalkunen har funne vegen inn i norske juleheimar. Meir global fugl skal du nemleg leite lenge etter. Kalkun heiter turkey på engelsk, likt Tyrkia. Det portugisiske ordet for kalkun er peru, og det makedonske er misr, som igjen er det arabiske namnet på Egypt. Ja, til og med ordet kalkun, som kjem frå nederlandsk kalken se haan - hane frå Calcutta, prøver å forklare for oss kor kalkunane eigentleg kjem frå.

Sannsynlegvis er ingen av forklaringane heilt rette. Portugisarane er nærast, men sannsynlegvis stammar kalkunen frå Mellom- og Nord-Amerika. Det var i det minste der spanjolane henta dei fyrste fuglane i 1523, og det er der det framleis flaksar i kring flokkar av ville kalkunar.

Sjølv i Noreg er historia til kalkunen lenger enn ein skulle tru. Truleg har vi hatt kalkun i landet sidan 1700-talet, altså lenger enn vi har hatt potet. Men sjølv om det tok poteta lenger tid å slå rot, har ho vorte monaleg mykje meir populær.

Møre bryst

Trass djupe røter er ikkje historia om kalkunen berre ei hyggeleg juleforteljing. Den kalkunen du fyrst møter i daglegvarebutikken er nemleg temmeleg langt frå den kalkunen som lever i det fri. Særleg er proporsjonane annleis.

Når vi byrjar å avle på produksjonsdyr, vel vi ut nokre kvalitetar vi vil avle på. Kvalitetane kan vere både mentale og fysiske. Hjå sau kan det vere godt morsinstinkt, hjå mjølkekyr gode jur og hjå gris god fôrutnytting. Hjå kalkun har ein særleg avla på store brystmusklar.

For det er jo brystet vi helst vil ete. Saftig kalkunbryst med saus og slikt. Her sit det møyraste og mest salbare kjøtet, og då er det jo god økonomi i mykje brystmuskulatur per kalkun. For vår del, altså. For kalkunen er det litt verre.

Det overutvikla brystpartiet har rett og slett gjort det umogleg for moderne kalkunar å formeire seg naturleg. Dei kjem bokstavleg tala ikkje til.

Brystkasse i vegen

Hannfuglar har ikkje penis. Med unntak av ender gjeld det omlag alle, òg kalkun. Gjeldande teori går banalt nok ut på at hofuglane har avla vekk penisane for å sleppe å bli voldtekne stadig vekk. Slik har det sannsynlegvis vore i nokre tusen år, og fuglane har likevel fått til å pare seg og bli fleire.

Både høne og hane er avgrensa til ei opning bak. Den har fått det delikate namnet kloakken. Her kjem alt som skal ut, ut, og alt som skal inn, må inn her. For å gjennomføre ei vellukka paring må hane og høne komme seg så nære kvarandre at hanen kan sleppe sæden sin ut sin kloakk, og inn i høna sin. Med ein så overdimensjonert frampart som kalkunhanane no er utstyrte med, let det seg ikkje gjere.

Ikkje for det, det er vel dei færraste produksjonsfuglar forunt å ha særleg til seksualliv i det heile. Naturen er for upåliteleg for effektivitetskrava i industrien. Slik har inseminering blitt standard, òg i kalkunnæringa.

Vekse i sitt tempo

Sånn, då var den juleharmonien knust. Eller? Vi bør tåle å høyre kvar maten vår kjem frå - sjølv om han er julemat. Men det er ikkje alle som tenker likt om kva ein kalkun bør vere og kor fort han bør vokse. Enno er ikkje alle kalkunar avla heilt ut av proporsjonar. Økologisk landbruk vert ofte kjenneteikna ved at dei ikkje brukar mineralgjødsel eller syntetiske plantevernmiddel. Men merkelappen inneber òg ekstra vekt på dyrevelferd - gjerne i forståinga av kva eit dyr eigentleg er. Økologiske produksjonsdyr skal framleis verte mat til slutt, men ideen er at dei i større grad skal få verte det i sitt eige tempo. Difor nyttar ein enten raser som veks saktare, eller ei mindre næringstett fôring. Uansett vert tilveksten mindre og fuglane lever lenger før dei vert slakta. Dei sakteveksande rasane får heller ikkje den overdimensjonerte brystmuskulaturen ein konvensjonelt oppdratt kalkun får.

Ei konvensjonell kalkunhøne (som mest truleg er det vi har på julebordet, det er hønene som går til heile steiker) vert slakta etter 11 - 12 veker. Ei økologisk vert ikkje slakta før ho er 20. Det kan vi jo ta med oss inn i feiringa. Om vi ikkje er for mette allereie, då.

ANNONSE

;