Tek til orde for nattverd for ikkje-kristne

SAKRAMENT: – Me må frigjera oss frå tanken om at nattverdsmåltidet fyrst og fremst er eit uttrykk for tru, meiner biskop emeritus Atle Sommerfeldt, som er open for at også andre religiøse kan ta imot nattverd.

Bispemøtet 2021
OPE BORD: – Nattverdsmåltidet er ikkje fyrst og fremst er eit uttrykk for tru, men for Jesu nåde og nærvær. For dei som ynskjer å kople seg på det så er nattverdsbordet ope, meiner Biskop emeritus Atle Sommerfeldt.
Publisert Sist oppdatert

– Eg meiner praksisen me har no i norske kyrkjer der me gjev nattverd til barn som ikkje er døypte er heilt rett. Og så må me ha ei open samtale om kva me gjer med muslimar, jødar og buddhistar som held fast på sin religion, men ynskjer nattverd, seier tidlegare biskop i Borg bispedøme, Atle Sommerfeldt.

Han ynskjer seg ein diskusjon i Den norske kyrkja om korleis ein skal handtere slike situasjonar, og vil ikkje meine noko for sterkt før ein har hatt ei slik samtale.

– Men i utgangspunktet synest eg me bør vera opne for det.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS