Syklar, padlar og spring for systerkyrkjer
MISJONSAKSJON: Farsund menighet, med prest og konfirmantar i front, har trått til for den globale kyrkja som er hardt ramma av korona. Det er det også 176 andre kyrkjelydar i Den norske kyrkja som gjer i vår.
SPREK GJENG: Både prest Henning Huseby Jansen og konfirmantar nytta leiren på Knaben Leirskole til å samle inn pengar til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt. Dei er ein av 177 kyrkjelydar som er med på aksjonen «saman som kyrkje i heile verda». Her rett før Jansen skal sykle den 9 mil lange vegen heim, til inntekt for koptiske kristne i Kairo.
Foto: Rita Castberg
– Me ville gjera eit stunt for å skaffe ekstra merksemd og pengar, seier sokneprest i Farsund sokn, Henning Huseby Jansen.
Derfor blei konfirmantleiren i kyrkjelyden bruka til å samle inn pengar til misjonsprosjektet Stefanusbarna i Kairo, som handlar om å betre levekåra til koptiske kristne som lever under dårlege kår ved søppelberget i Kairo.
Medan dei fleste konfirmantane sprang og gjekk rundar i eit meir tradisjonelt misjonsløp, valde presten å ta med seg sykkelen på bussen til leirskulen, for så å sykle dei ni mila heim att. Alle oppmoda kjente og kjære til å sponse dei per runde eller distanse. Til saman samla dei inn 36.000 kroner. Og dei er ikkje aleine.