Nominasjonsliste-topp vurderer ny liste til kyrkjevalet
DEN NORSKE KYRKJA: Talsperson for Nominasjonskomiteens liste, Erling Birkedal, tar til orde for ei ny liste «i midten», dersom Nominasjonskomiteens liste i dagens format forsvinn.
DRØFTAR FRAMTIDA: Erling Birkedal, talsperson for Nominasjonskomiteens liste, seier at det pågår samtaler om kva dei som før har stilt til val for lista vil gjera viss ordninga med nominasjonskomitelister blir fjerna på Kyrkjemøtet i november.
Joakim S. Enger
– Bønnelista og Frimodig kirke framstår ganske like, og nyanseforskjellane kan bli vanskelege å få fram for veljarane. Me ser eit behov for noko mellom desse og Åpen folkekirke.
Det seier Erling Birkedal, talsperson for Nominasjonskomiteens liste og fyrsteamanuensis i praktisk teologi ved MF vitenskapelig høyskole.
Også Harald Hegstad i Oslo bispedømmeråd seier han har vore med i samtalene. Han meiner det er bruk for ei ny liste «i midten», dersom Nominasjonskomiteens liste i dagens format forsvinn.