Kyrkja starta utlånsbank for festklede: – Bunadspress kan gje konfirmantar klump i magen
DEN NORSKE KYRKJA: Tre sokn gjekk saman for å lette børa for dei med dårleg råd. Svaret blei å starte utlån av bunadar, dåpskjolar og festklede.
UTLÅNSBANK: Inger Strangstad, menighetspedagog i Ringebu, vil ikkje at mangel på festklede skal hindre folk i å feire festdagar som dåp eller konfirmasjon. Utlånsbanken har mellom anna Gudbrandsdals festdrakt og Rondastakk.
Privat
– Me som kyrkje inviterer til festdagar som ofte bringar med seg høge utgifter. Me vil bidra til at ingen skal droppe dåp fordi det er for dyrt, eller konfirmere seg med ein klump i magen fordi dei ikkje har bunad, eller at den dei har ikkje passar.
Det seier kyrkjelydspedagog i Ringebu sokn i Den norske kyrkja (DNK), Inger Melbø Strangstad. I fjor hadde lokalavisa Gudbrandsdølen Dagningen fokus på fattigdom i Gudbrandsdalen. Det fekk tankane i sving i kyrkjestaben, som reagerte på kor høge tala på fattige i sitt nærområde var.
Etter å ha spurt ein lokal hjelpeorganisasjon om kva dei merka behov for, landa dei på at å låne ut klede til festdagar som konfirmasjon og dåp, var ein god idé. Med seg på planen fekk dei nabosokna Øyer og Sør Fron.