Inger og Knut Johannes avviste kristendommen. Så fann dei «kjærleiksbodskapen» i nabolaget
TRUSFELLESSKAP: I fjor melde 14.927 personar seg ut av Den norske kyrkja (DNK) – men 2241 vaksne melde seg også inn. Møt to av dei som fann kyrkja i vaksen alder, rett rundt hjørnet.
DEN NORSKE KYRKJA: Inger Klevstrand og Knut Johannes Erstad har funne seg ein heim like ved heimen. I 2019 og 2014 melde dei seg inn i Norges største kyrkjesamfunn.(Foto: Tuva Skare)
– Den største forandringa i mitt indre er at eg får vere så takksam. Eg har nokon å takke! Det har forandra livet mitt, seier Inger Klevstrand, som meldte seg inn i Den norske kyrkja (DNK) igjen i 2019. Ho meldte seg ut mange år tidlegare.
Det var bodskapen om kjærleik som drog henne tilbake – noko ho kanskje har til felles med nokre av dei mellom 2.000 og 3.000 som melder seg inn i kyrkjesamfunnet kvart år. Ofte er det dei fallande medlemstala som stel overskriftene. I fjor melde 14.927 personar seg ut.
– Enkelte tar aktivt kontakt for å grunngi kvifor dei melder seg inn. Då fortel dei gjerne at ei konkret utvikling i kyrkja gjer at dei no ønsker medlemskap, fortel fungerande kyrkjerådsdirektør Jan Rune Fagermoen.
Bestill abonnement her
KJØP