Har sett foten ned for kvinneprest-motstand: – Du kan ikkje gradbøye fellesskap. Enten så har me det, eller så har me det ikkje
NOK ER NOK: I «versting»-bispedømmet Bjørgvin får ikkje nye prestar lenger jobb dersom dei ikkje vil samarbeide med kvinnelege kollegar. Men ifølge biskopen kan han ikkje «dra motstandarane inn i kyrkja med vinsj». Finst det noko løysing som samlar?
Det viste seg at fleire mannlege prestar i Bjørgvin hadde ordningar for å unngå samarbeid med kvinnelege kollegar. I haust sette biskop Halvor Nordhaug ein stoppar. Det fekk prest Mari Saltkjel til å måtte gå i seg sjølv.(Foto: Ruth Einervoll Nilsen)
Festplassen i Bergen ligg disig denne seine maimorgonen som hadde lovnad om strålande sol og årets snillaste temperatur. Med ein grov brødbit i den eine handa og ein varm pappkaffikopp i den andre sit prest Mari Saltkjel på ein parkbenk og samlar næring til dei dryge to timane ho har framfor seg.
I kuldegufs og syrinlukt skal ho straks reise seg, og gå brusteinsvegen mot biskop, og sjef, Halvor Nordhaugs kontor.
Presten frå Måløy i Nordfjord har kjent ekstra på at ho er kvinne dette siste året. Saltkjel har lenge visst at ho har kollegaer i bispedømmet som ikkje anerkjenner kallet hennar til teneste.
Bestill abonnement her
KJØP