Har evaluert 20 år med trusopplæring
DEN NORSKE KYRKJA: Sidan år 2000 har Den norske kyrkja hatt stort fokus på opplæring av barn og unge. No har eit utval evaluert satsinga, og kjem med anbefalingar for vegen vidare.
BARN OG UNGE: Utvalet reknar satsinga på trusopplæring som vellukka, men etterlyser meir heilskapleg tenking rundt det pedagogiske arbeidet i DNK. Kateket Jenny Marie Ågedal (t.v.) og kapellan Ingrid Ulvestad Øygard (t. h.)i Ås og Kroer kyrkjelydar saman med ungdommar.
Foto: Torstein Kiserud/KA
I over 20 år har Den norske kyrkja (DNK) hatt ei stor satsing på trusopplæring, altså undervisning om tru for barn og unge i regi av kyrkja. I 2020 fekk eit utval i oppdrag å evaluere situasjonen for trusopplæringa og gje anbefalingar for vegen vidare.
På tysdag blei utvalet sin rapport; Helhet, integrering og samanheng i kirkelig undervisning og læring, lagt fram på eit frukostmøte.
Her kjem det fram at utvalet meiner satsinga har vore vellukka, og legg særskilt vekt på at ein systematisk har opparbeida kompetanse gjennom ei årrekkje. Men dei kjem også med ei rekke anbefalingar til arbeidet vidare.