Ber DNK-kyrkjelydar støtte evangelisering: Er redde mange forbind misjon med intoleranse

DEN NORSKE KYRKJA (DNK): – Mange av oss har kanskje kjent på ei slags skam når det blir snakk om misjon, seier tidlegare misjonær. No ber Kyrkjemøtet kyrkjelydar om å gje pengar til evangelisering.

Kjersti Gautestad Norheim - Kirkemøtet 2021
TYDELEG: – Det er ikkje ofte kyrkjemøtesakar oppmodar så tydeleg som ein gjer her, seier Kjersti Gautestad Norheim, om Kyrkjemøtet sitt vedtak om auka fokus på internasjonalt engasjement i Den norske kyrkja.
Publisert Sist oppdatert

KYRKJEMØTET, TRONDHEIM: «Framleis forbind nokon misjon med kulturimperialisme og intoleranse og heng att i utdaterte førestillingar om misjon».

Orda er henta frå saka på Kyrkjemøtet om Den norske kyrkjas (DNK) internasjonale engasjement. På sundag kveld blei det vedteke å be alle kyrkjelydar om å ha minst ei misjonsavtaler med ein av Samarbeid menighet og misjon (SMM)-organisasjonane (sjå faktaboks), og å «auke ofringar, særleg til kyrkjebyggande arbeid i systerkyrkjene».

– Det er ikkje ofte kyrkjemøtesakar oppmodar så tydeleg som ein gjer her.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS