Bøker

Mysteriet i trua er avlyst

Gud fins. Gud fins. Gud fins. Blir ein påstand meir sann fordi den blir gjentatt mange nok gonger?

Anmeldt av Emil André Erstad.

På mange bedehus vert det tala slik. Der er det hyppig bruk av innforståtte sanningar, mange av dei særs kontroversielle i samtida, som det ikkje vert stilt spørsmål ved. Utanom retoriske spørsmål, då. Det kan vere effektivt frå ein talarstol til eit venleg innstilt publikum. Men i bokform fell det gjennom.

Derfor tror jeg av Oddvar Søvik er så full av enkle retoriske spørsmål, haltande premiss og falske motsetnader, at det øydelegg mykje av truverdet ei slik bok kunne hatt.

Intellektuell sjølvtillit

Moderne kristne i Norge har dei siste åra gjort mykje for å heve den intellektuelle kapasiteten. Forfattarar og skribentar som Daniel Joachim Kleiven, Bjørn Are Davidsen og Bjørn Hinderaker har knust myter og vaska støvet av filosofiske sanningar. Dei har gjort det grundig, akademisk heiderleg og med respekt.

Mykje av æra for dette skal Norges kristelege student- og skuleungdomsslag (NKSS) og miljøet for kommunikasjon og livssyn ved Gimlekollen i Kristiansand ha. Dei har gitt mange usikre kristne elevar og studentar intellektuell sjølvtillit i møte med populærkulturen og samtida. Det trengs.

Det å tru på Gud, Jesus og Den heilage ande treng ikkje lenger vere intellektuelt sjølvmord.

LES MER: Ateistisk psykolog testet kristenlivet

Lettvint argument

Det skuffar derfor at ein så røynd teolog, forkynnar og forfattar som Oddvar Søvik drar oss fleire år tilbake i denne utviklinga. Eg håpa lenge at boka skulle gje trua mi meir sjølvtillit. Det håpet bresta allereie i løpet av dei første kapitla.

I delar av boka, som i delane om filosofi og moral, klarar Søvik å leve opp til ideala frå dei beste apologetane vi kjenner ved å opne for spørsmål og refleksjon rundt dei største mysteria vi kjenner – men det er dessverre for lite og for seint.

Det blir for enkelt, som når han stiller retoriske spørsmål ved teorien om the Big Bang. «Hvis vi hører et lite smell, må det ha en årsak. Er det ikke da fornuftig å tro at et kjempesmell som «The Big Bang» også må ha en årsak? Argumentet halter, for et lite smell behøver ikke å ha en personlig årsak. Men ut fra dette store smellet har liv og intelligens blitt til. Det krever en personlig årsak». Eg er nok ikkje åleine om å ikkje la meg overtyde av eit så lettvint argument, trass i at eg i utgangspunktet deler forfattarens synspunkt.

Kunstig skilje

Sjå for deg alle forskarane som har levd i trua på krafta til fornufta. Sjå for deg korleis historia deira endar som ein dårleg draum fordi dei trur dei har gått opp på fjell av fåkunne og vankunne. I den augneblinken dei skal stige opp på den høgaste tinden av kunnskap, akkurat då dei kryp over den siste kanten, blir dei møtt av ein gjeng teologar som har sitte der i fleire hundreår.

Biletet tilhøyrer den amerikanske astronomen Robert Jastrow, ein av mange amerikanarar som blir flittig namedroppa i Søviks bok, men det illustrerer det sjølvbiletet Søvik skriv med. Teologane som har forstått alle dei vanskelege spørsmåla naturvitskapen framleis strevar med. Slik skapar han òg eit kunstig skilje samstundes som han fleire stader skriv at eit slikt skilje er eigentleg er oppkonstruert.

LEST DENNE? Bjørn Are Davidsen viser at det er godt at teologer ikke har patent på forsvar av kristentroen

Tilfeldig og perifer

Søvik skriv til dømes slike ting som at «nå er ikke jeg verken paleontolog eller biolog, men...», før han legg ut på lange tekniske argumentasjonsrekker om nettopp paleontologi og biologi. Namedroppinga held fram i høgt tempo, er tilfeldig og prega av perifere akademiske skikkelsar blanda med meir truverdige autoritetar. For eksempel når han viser til at Casey Luskin, «som har PhD i juss», hevdar at det var eit Big Bang for menneskets opphav. Då rykker veldig i mine konspirasjonsrefleksar.

Kirsebærplukking

Det er lite nåde å finne overfor den frykta evolusjonsteorien i Søviks bok. Evolusjonistane har ein tendens til ha fasiten klar på førehand, skriv han. Alle funna skal liksom passe inn i eit utviklingsskjema. Det er Søviks inntrykk at det som ikkje passar inn, enten vert teia i hel eller forkasta.

Det er ikkje særleg pent skrive av meg, men eg får eit bestemt inntrykk av at Søvik gjer det litt på same måte. Han har bestemt seg for svara på førehand og driv med hektisk kirsebærplukking av argument for å få alt til å passe med hans eige verdsbilete.

Det er som om heile mysteriet i trua er avlyst.

---

Bok: Sakprosa

  • Derfor tror jeg
  • Oddvar Søvik
  • Proklamedia forlag

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker