Bøker

Litteraturens kraft

Mein Kampf av Adolf Hitler kjem ut i ny omsetjing på norsk. Treng vi det?

Litteraturen kan ikkje berre trøyste oss. Den kan få oss til å forstå den andre, den framande. Den gjer oss til betre menneske. Vel, denne veka kunne Dagsavisen avsløre at Mein Kampf i år kjem ut i ny norsk omsetting.

Dårleg tidspunkt

Det er openbart at å gi ut Mein Kampf er ­vanskeleg, all den tida boka er knytt til alt det den nazistiske ­ideologien og det tyske statsstyret var skuldig i. Og nokon vil truleg seie at dette er eit særs dårleg tidspunkt. Høgreekstremismen­ er i vekst, både i Europa og i verda. Og det skjer ikkje berre i mørke bakgater og bak lukka dører. Under Almedalsveckan i Sverige i fjor, som har vore til inspirasjon for den norske Arendalsveka, fekk den nazistiske rørsla Den nordiske motstandsbevegelsen lov til å vere til stades. Det skapte frykt og valdelege samanstøyt, blant anna mot Vänskapsförbundet Sverige-Israel.

Det finnes fleire eksempel, òg i vårt eige land. Den nordiske motstandsbevegelsen marsjerte gjennom Kristiansand sommaren 2017 utan at politiet braut inn. Både i Tyskland og Frankrike har dei nyleg stadfesta ei auke av antisemittiske angrep. Og i USA har Donald Trumps presidentskap gitt ytre høgre sjølvtillit nok til at dei tør å markere seg.

Vil ikkje ei ny, norsk utgåve av Mein Kampf vere ei vitamininnsprøyting for slike krefter i Noreg?

Eit tungt ansvar

Det er det gode argument for. Kjetil Braut ­Simonsen, historikar ved Jødisk Musem i Oslo, seier til Dagsavisen at han heller ikkje ser vitsen med å gi ut boka no.

Men det finst òg argument for ei ny utgåve av Mein Kampf. Dagsavisen skriv at Senter for Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret), som ikkje har noko å gjere med utgivinga, vil ­arrangere eit seminar i samband med at boka kjem ut. Der skriv HL-senteret: «Mein Kampf er en sentral bok i det 20. århundre, ikke i kraft av sin kvalitet, men gjennom sin uhyggelige virkningshistorie». Kan ei ny norsk utgåve vise nettopp dette?

Det er lov å håpe. Her ligg det eit tungt ansvar på forleggar Arve Juritzen som står bak utgivinga. Mein Kampf er ikkje ei bok som høyrer uskuldig heime i hyllene, verken i bokhandlarar ­eller på bibliotek. Det er ei bok som krev innpakning og tillegg frå fagfolk som kan feltet. Og det er ei bok som krev ein forleggar med kapasitet til å svare på kvifor akkurat no, kvifor akkurat her.

Populært og tilgjengeleg

Det er òg viktig å hugse på at Mein Kampf ikkje er forboden i Noreg. Det er berre ingen forleggarar som har ønskt å gi den ut sidan krigen. Men du kan gå inn på biblioteket og bla i ei gammal utgåve. Du kan kjøpe nyare utgåver frå danske bokhandlar på nett, i dansk omsetjing. Eller du kan gå inn på Amazon, der den finnes i ulike versjonar på engelsk. Så seint som 2014 låg den på nokre av deira bestseljarlister.

At dette verket er populært eller tilgjengeleg, er ikkje eit godt argument for ei ny norsk omsetjing. Men å gøyme bort ei bok på grunn av verkets verknadshistorie og bokas løgnar, konspirasjonar og antisemittisme, er nok ingen god strategi i det lange løp. Mein Kampf finnes der ute for dei som vil ha tak i den. Er det ikkje betre med ei ny, norsk utgåve som viser kva for ei bok dette er?

Kanskje er nettopp no den beste tida, for igjen ser vi tydeleg­ farane boka bringer med seg. Og Mein Kampf kan vere eit ­illustrerande eksempel på at litteraturen ikkje alltid kan smykke seg med lovord. Her er eit verk som òg viser litteraturens kraft.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker