Bøker

Vakkert og lettlest om tidleg gudstenesteliv

Den apostoliske tradisjonen er ei eineståande kjelde til informasjon om kyrkjeliv og liturgi i det tredje hundreåret.

Eg kom over den vesle og lettleste boka Den apostoliske tradisjonen då eg forska på korleis ein hadde feira dåp gjennom tidene. Ho er truleg skrive av Hippolyt og gir oss eit genuint innblikk i livet til kyrkjelyd i Roma kring år 200. Hippolyt var ein kjend opposisjonell presbyter (prest) i Roma på byrjinga av 200-talet og lét etter seg mange skrifter. Han leid martyrdøden saman med pave Pontianus etter år 235. Den apostoliske tradisjonen kom til å ligge til grunn for fleire andre kyrkjeordningar som blei til i hundreåra etter og har dessutan hatt etterverknader heilt inn i vår tid. Skriftet har spela ei stor rolle som inspirasjonskjelde i liturgiske fornyingsarbeid.

Nattverdsbøn

Vi les mellom anna om korleis ordinasjonar skal gå føre seg. Følgjande nattverdbøn (side 36) finst i ritualet for påtroppande biskopar, og det er faktisk mange kyrkjer som brukar denne i ein eller annan variant den dag i dag:

Vi tackar dig, Gud,

genom din älskade tjänere Jesus Kristus,

som du när tiden var inne sände oss

som frälsare och befriare och budbärare om ditt rådslut,

han som är ditt oskiljaktiga Ord, genom vilket du har skapat allt,

(...) För att fullgöra din vilja

och förvärva ett heligt folk åt dig

sträckte han i sitt lidande ut sina händer,

för att befria dem från lidande

som förtröstar sig på dig.

Som nemnt oppdaga eg boka då eg jakta på dåpsliturgiar. Eg blei fascinert av at dåpsritualet varte i fleire månader, og at det var så rikt på symbol og symbolhandlingar. Fleire liturgiforskarar som arbeider med notidig liturgi, er faktisk opptekne av å børste støvet av denne dåpsritemodellen.

Lettlest

Teksten er opphavleg skriven på gresk, men originalen finst ikkje. Dei liturgiske forskarane Gregory Dix og Bernard Botte har drive eit nitid rekonstruksjonsarbeid, mellom anna frå dei forskjellige og høgst variable omsetjingane som er gjort til alle verdas ulike språk.

Sjølv sit eg med ei omsetjing på svensk av teologen Anders Ekenberg. Han gir oss også ei omfattande innleiing og utførlege kommentarar på kvar side av boka som berre er på 70 sider. Men trass det store vitskaplege arbeidet som ligg bak Ekenberg si utgåve, så er ikkje dette berre ei bok for fagteologar. Ho lettlest og spennande!

Måltid og bøn

Det er spennande å tre inn i kyrkjelyden. Dette er eit dokument frå den før-konstantinske tida, og mykje er svært annleis då enn no. Men når våre notidige samtalar om kyrkjas liv og framtid ofte faldar ut statistikkar og strukturar og sider opp og ned om framtidig organisering, så blir eg her inspirert og utfordra av eit kyrkjeordningsdokument som legg vekt på velsigningshandlingar, fellesmåltider og bøn.

Etter ei stutt innleiing følgjer tretten små kapittel om dei ulike embeta (biskop, presbyter og diakon). Dei omfattar ordning for vigsel og dei ulike tenesteoppgåvene i kyrkjelyden.

Den utførlige nattverdliturgien i samband med innsetjing av biskop, er fascinerande. Ja, dette skal vere den eldste liturgien vi kjenner som inneheld ein fullt utvikla nattverdliturgi med både innstiftingsord, anamnese (påminning) og epiklese (påkalling av Den heilage ande).

Vald og hor

Fleire kapittel skildrar lære- og prøvetida for dei som skal døypast, katekumenane. I tillegg til «om någon driver etter horhus, skall han upphöra därmed eller avvisas», skal også dei som ikkje vil avstå frå all bruk av vald, nektast dåp:

«Den som är soldat och står under befäl får inte döda någon. Om han får order att döda, skall han inte utföra den, och han får inte avlägga soldated. Om han inte är beredd till detta, skall han avvisas. Den som har rätt att utdöma dödsstraff och den som är stadsmagistrat och bär purpurklädnaden skall lämna sin post eller avvisas. De katekumener eller troende som vill bli soldater skall avvisas, eftersom de har föraktat Gud.» (side 48)

Dåp i påska

Sjølve dåpsriten blei feira i påska, men vegen fram til påskenattsgudstenesta starta nokre år før, i eit føregåande katekumenat samansett av fleire ritar forbunde med prøver og undervisning.

Påskeaftan samla biskopen dåpskandidatane og utførte den siste eksorsismen på dei. Deretter pusta han på dei og salva panna, øyre og nase. Så vaka dei heile natta.

Ved hanegal søndag morgon var tida inne. Dåpsvatnet blei innvigd. Det skulle vere rennande vatn i ei kjelde eller vatn som renn ovanfrå. Kandidatane skal kle av seg. Barna vert døypte først og alle som kan tale for seg sjølv, talar:

«Döp först barnen. Alla som kan tala för sig själva gör det; föräldrarna eller någon släktning skall tala för dem som inte kan tala för sig själva. Döp därefter männen och sist kvinnorna som skall ha löst upp sitt hår og tagit av sig de guldsmycken som de har på sig.» (side 54)

Fredskyss

Etter dåpen i dåpskapellet blei dei nydøypte førte inn i kyrkja. Der var kyrkjelyden samla for å ta i mot dei. Liturgen bed med hendene løfta over den døypte, ei bøn om at Anden måtte kome. Så følgjer segling med olje i panna, fredskyss og helsing, «velkomen inn i fellesskapen». No kunne dei nydøypte for første gong, saman med alle truande, be og delta i nattverdsfeiringa.

Siste delen i boka handlar om livet i kyrkjelyden: Om fellesmåltid, dagleg bøn, faste og bruk av krossteiknet.

Eg tilrår alle å kjøpe denne vesle, vakre og lettleste boka. Særleg om du er interessert i gudstenesteliv i kyrkja, eller er oppteken av oldkyrkja, liturgikk eller økumenikk.

Kari Veiteberg er biskop i Oslo

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker