Bøker

Tidleg reise til heilagt land

Egerias reise til Det hellige land er ei eineståande kjelde til tidleg gudstenesteliv frå ein kvinneleg pilegrim.

Tekst: Kari Veiteberg 

Ei av dei mest forunderlege bøkene eg veit om, er ei skildring av gudstenestelivet og kristenlivet i Palestina og Egypt på 300-talet. Forfattaren av denne eineståande kjelda er til og med ei kvinne.

Du må nok ta turen til biblioteket eller eit ­antikvariat for å få tak i boka. Læraren min i Det nye testamentet, professor Turid Karlsen Seim, kjøpte restopplaget av den norske utgåva. Og mange av elevane hennar fekk eit eksemplar i gåve til ordinasjonen eller disputasen. Eg var ei av dei, og boka viste seg å vere ei unik kjelde når eg starta å forske i liturgi. Særleg er den utførlege skildringa av gudstenestelivet under påskeveka i Jerusalem inspirerande, også for å tenkje over korleis kyrkja kan markere påskedagane no.

Oppdaga på bibliotek

Det svært interessante manuskriptet er frå slutten av 300-talet og vart kalla Itinerarium Egeriae. Den norske omsetjinga heiter Egerias reise til Det hellige land og er på 95 sider, med eit utførleg føreord og noteapparat av frater Ellert Dahl.

Som Dahl skriv i innleiinga, vart manuskriptet oppdaga i 1884 i eit bibliotek i Italia. Det var ­ikkje fullstendig. Både byrjinga og slutten mangla. Det gjorde også forfattarnamnet, og opplysingar om når og kvar manuskriptet vart skrive. I dag er dei fleste forskarar samde om at teksten er ført i pennen av ei fransk eller spansk kvinne som heitte Egeria. Boka eg er så oppglødd over, er noko så sjeldan som ei augevitneskildring av ei kvinne som går pilegrim i tidsrommet 381 til 384. Ho gjekk til fots i heile fire samanhengande år i det austlege Middelhavsområdet. Takka vere denne boka kan vi følgje henne på vegen steg for steg. Egeria skriv om opplevingane sine til ein krets av veninner som ho kallar «ærede damer og søstre».

Lang reise

I føreordet fortel Dahl utførleg om manusfunnet, tid og stad og reiserute. Reisa må ha starta i Nord-Italia og Roma og går vidare til Konstantinopel, Antiokia og Jerusalem. Deretter dreg Egeria til Egypt, og med esel kjem ho seg opp på Sinaifjellet. Før ho vender nasa attende mot Europa, vitjar ho også Alexandria, Mesopotamia og Eddessa.

Den bevarte delen av manusskripet er delt inn i to: Den første delen er ei dagbok frå ­reisene (kap 1-24). Her går Egeria til fots i Bibelens fotspor og vi kan følgje henne steg for steg på eselryggen då ho kjem seg opp på Sinaifjellet. Som den pilegrimen ho er, arbeider ho aldri under noko tidspress. Kjenner ho eit kall til å gå innom noko religiøst sjåverdig, nøler ho ­ikkje med å følgje kallet. Det er til dømes «Guds vilje» at ho skal vitja dei heilage munkane i Mesopotamia, samstundes som ho vil be ved grava til den heilage apostelen Thomas i Edessa. Difor tek ho ein rundsving austover frå Antioka.

Det er slåande å lese at alle ho møter er ­vennelege og tek ho godt i mot. Det er gjestfridom og glede over alt. Eg trur kanskje ikkje at dei ville tatt like vel i mot meg i dag, men for ei imponerande reise Egeria gjer!

Gudstenestelivet

Den andre delen (kap 24-49) gir ei detaljert skildring av gudstenestelivet i Jerusalem. Egeria skildrar korleis menneske samlar seg i dei ulike kyrkjene ved høgtidene og korleis dei går i prosesjonar frå den eine kyrkja til den andre.

På slutten av 300-talet hadde påskefeiringa i Jerusalem utvikla seg til ei feiring som strekte seg over meir enn ei veke. Dagen før palmesøndag samla dei seg i Betania og høyrde historia om Lasarus si oppvekking. Dagen etter kom det som Egeria kallar «den store veka». Kvar dag var det gudstenester i ulike kyrkjer i byen. Folk gjekk mellom anna i prosesjon med palmegreiner til kyrkja på Eleona, Oljeberget. På skjærtorsdag samla ein seg tidligare enn dei andre dagane og det vart feira nattverd.

Vi synes ikkje det er forunderleg, men i Jerusalem på 300-talet var faktisk både dåp og natt­verd sett på som «hemmelege riter». Dei var for dei allereie innvigde. Biskopen seier at «da dere fremdeles bare er katekumener, kan dere ennå ikke innvies i Guds dypeste mysterier» (side 76). Vi kan forstå at når Egeria fortel at «biskopen frembærer offeret og utdeler nadverden til hele menigheten», så imponerte det dåtidas lesar.

Gråt og klage

Dei gjekk med faklar til Getse­mane og der vart forteljinga om korleis Jesus vart tatt til fange lesen. Ifølgje Egeria gråt mange: «Under opplesningen lyder det slike skrik og klager fra den gråtende folkemengden at det nesten kan høres helt til byen.» (side 68)

Egeria følgjer med i prosesjonen på langfredag og kysser krosstreet: «Hele mengden passerer altså, en efter en. De bøyer seg, berører korset og innskriften først med pannen, så med øynene, så kysser de korstreeet og går videre, men ­ingen kommer nær det med hendene.» (side 68)

Nyfiken

Eg blir inspirert av denne boka, både over den liturgiske rikdomen som Egeria dokumenter og over å lese om korleis ho bokstaveleg tala går i Bibelens fotspor. Eg blir også svært nyfiken. Korleis var det for henne som kvinne å vandre til fots på den måten i den tida? Det vil eg finne meir ut av.

Det finst også ei ny utgåve på engelsk av boka, utgitt av Paul F. Bradshaw og Anne McGowan. Boka lovar å avdekkje meir av den kvinnelege pilegrimens personlegdom. Vonleg får vi svar på spørsmåla. Det siste ordet er enno ikkje sagt om Egeria.

Kari Veiteberg er biskop i Oslo.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker