Terror i Spania

Er det mogleg å forsone seg med fortida og med kvarandre etter at noko uoppretteleg har skjedd?

Fedreland handlar om korleis ETAs terror­handlingar i Spania får konsekvensar for både ofre og overgriparar. Her står ein spansk politimann ved ­vraket etter ein eksplosjon på Mallorca i 2009. To politi­menn vart drept i åtaket som ETA fekk skulda for.

Det er spørsmålet som den spansk-baskiske forfattaren Fernando Aramburu stiller i sin på alle måtar store roman ­Fedreland. Boka, som har blitt ein internasjonal bestseljar og er planlagt som serie på HBO, viser kor samansett og komplisert ein slik nødvendig forsoningsprosess kan vere.

Tausheit og frykt

To bestevenninner i ein landsby i den baskiske delen av Spania er gift med menn som også er bestevener. Dei i alt fem barna deira veks opp som søsken. Framvoksteren av ein militant baskisk nasjonalisme og terrorhandlingane til den illegale organisasjonen ETA i den siste delen av Franco-tida, gjer slutt på venskapen og fortrulegheita. Mens sonen i den ein familien sluter seg til ETA og går under jorda, får ektemannen i den andre truslar både i form av graffiti og utpressingsbrev frå den same rørsla. Ein dag blir han regelrett avretta på gata.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP