Stueland vil forplikte seg på det verkelege
Espen Stueland skriv gamle essay om igjen og mobiliserer forfattarane til klimakamp. Alt utifrå same glød.
– Den gode litteraturen kan du ha med deg heile livet, men lese han i lys av nye erfaringar, seier forfattaren og litteraturkritikaren Espen Stueland. No er han aktuell med essaysamlinga Falsk tilståelse og andre essays, der han har revidert og nyskrive gamle tekstar.
Lars Flydal
For fire år sidan kom Espen Stueland med Gjennom kjøttet. Disseksjonen og kroppens kulturhistorie, ei bok han vart oppfordra til å disputere på. Dei seinaste åra har gått med til å revidere og nyskrive gamle essay som no ligg føre i bokform – Falsk tilståelse og andre essays, 700 tettskrivne sider.
– Kvifor ville du skrive gamle essays på nytt og gi dei ut som bok?
– Eg hadde lyst til å jobbe med dei. Eg har jobba kontinuerleg sidan 2009. Når ein skriv eit essay for eit tidsskrift, jobbar ein ofte opp imot ein nokså tilfeldig tidsfrist. Det kan skje at somme perspektiv ikkje blir godt nok gjennomarbeidd. Og eg kan bli skikkeleg irritert av å sjå at noko er dårleg formulert eller dårleg tenkt. Dermed tenkte eg at eg fekk ta eit nytt tak, seier Stueland til Vårt Land.
Bestill abonnement her
KJØP