Stor ståhei med Donald Duck
Donald Duck lærte mange av oss å lese. I desember har den populære anda prega det norske samfunnet i 70 år.

Julehefta er over oss igjen, og det er mykje å glede seg over. Her i Bøker-redaksjonen ser vi med blide auge på dei mange litterære julehefta som no er på marknaden, frå Samlagets Juleroser til Vårt Lands eige Hellig jul. Solid innhald i lekker innpakking er ikkje til å kimse av.
Denne bokleiaren skal like fullt handle om eit anna segment av den norske juleheftetradisjonen, representert ved ei kjent og kjær and i matrosklede. Donald Duck vender årvisst tilbake som førjulskos, frå god, gammal årgang til nyteikna historier frå den norske Donald-teiknaren Arild Midthun. Den norske hovudhistoria i år går føre seg på Svalbard og Nordpolen, og Donald og gutane må redde julenissen frå å søkke i havet.
Etter krigen
I desember er det 70 år sidan det første Donald-bladet kom ut i Noreg. Eg skulle gjerne eigd originalen, men må førebels nøye meg med eit opptrykk som er kome i ettertid. I 1948 var det berre tre år sidan andre verdskrigen, og den amerikanske teikneserieanda blei frå starten av møtt med opne armar her til lands. Mange av dei som er fødde rundt midten av førre hundreåret, kan fortelje om det store høgdepunktet som eit nytt Donald-blad utgjorde.
Også seinare generasjonar, for den del. Mi eiga leseinteresse starta med Donald Duck. Eg kunne sitje i timesvis i sofaen og lese, fullstendig oppslukt. Og denne evna til konsentrasjon tok eg med meg vidare då eg gauv laus på Bibelen.
Litterære klassikarar
Mange av dei store klassikarane las eg først om i Donald. Tolstojs Krig og fred. Melvilles Moby Dick. Shakespeares Hamlet og Romeo og Julie. Jules Vernes Jorden rundt på åtti dager, som i Donald-versjon blir til åtte dagar. Og sjølvsagt, sidan vi nærmar oss jul, Charles Dickens' En julehistorie – som onkel Skrue (Scrooge) har namn etter. Det finst mange som kan seie det same som eg, at Donald gav meg den første innføringa i verdslitteraturen.
I den ferske boka Donald & jeg fortel 17 kjente donaldlesarar om forholdet sitt til den kjente teikneserieanda. Ragnar Hovland skriv til dømes: «Korleis blir ein den ein er blitt? Eller sagt på ein anna måte: Korleis ville eg og livet mitt ha vore utan Donald Duck & Co? Det er vanskeleg å førestille seg, men eit anna liv ville det iallfall ha vore. Og noko seier meg at det ville ha vore atskilleg mindre meiningsfylt, og det spørst om det ville ha vore noko liv å snakke om i det heile tatt.»
Jan Kjærstad er ein annan forfattar som skattar Donald høgt. Han spissformulerer seg slik: «Min barndoms Dickens er Donald Duck. Som folk i gamle dager kunne salmevers utenat, kunne jeg Donald-eventyr ...» Gjennom Donald-historiene oppdaga Kjærstad kor viktig fantasikrafta er for ein forfattar.
Dødssyndene
Donald Duck har prega det norske samfunnet i 70 år. Tenk berre på kor mange av oss som har late seg trollbinde av dei eventyrlege historiene til ein Carl Barks eller ein Don Rosa, to av dei mest kjente Donald-teiknarane. Har vi faktisk også lært noko, som samfunn og som enkeltmenneske? Her får kvar Donald-lesar snakke for seg. Men eg trur det norske samfunnet hadde vore ein smule hardare, mindre kreativt og mindre morosamt utan Donald Duck.
I Donald kjem dessutan dei fleste dødssyndene til synes, i karikert form. Ingen er meir hovmodige, sinte, fråtsande og misunnelege enn Donald. Ingen er grådigare enn onkel Skrue og latare enn Guffen. I Andeby-universet, som elles er utan religion, blir dødssyndene stilt opp for oss på perlerad. Slik fungerer teikneserien som ein ventil for samfunnet.
Men aller mest: Donald er ein viktig inspirasjon til leselyst.