Slektsgransking er ny skjønnlitterær tendens
Karl Ove Knausgård vart høgdepunktet for den biografiske trenden i skjønnlitteraturen. No ser vi ein ny tendens: Forfattarane vender seg mot si eiga slektshistorie.
Dag Solstad er snart aktuell med romanen Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591 – 1895, der han følgjer slekta på morssida gjennom nesten 300 år. Slektsgransking er ein ny skjønnlitterær tendens, skriv vår kommentator.
Hampus Lundgren/arkiv
KOMMENTAR: Slektshistorie er forunderleg interessant. Det finst mange av oss som har fått ein ny vår i slektsgranskinga ved å ta i bruk digitale hjelpemiddel på internett. Oppslag i gamle kyrkjebøker går som ein leik. Og ofte skjuler slekta både ei og fleire overraskingar.
Forfattarane er ikkje annleis. Å grave djupt i eiga slektshistorie viser seg å vere glimrande litterært stoff. Kanskje er det likevel først i haust vi ser at vendinga mot slektshistoria er blitt ein skjønnlitterær tendens.
Slektskrøniker er langt ifrå noko nytt i litteraturen, her går røtene så langt attende som til Det gamle testamentet. I den norske skjønnlitteraturen er heller ikkje slektsforteljingar ein ukjent ting. Mange av dei største norske skjønnlitterære klassikarane tek utgangspunkt nettopp i slekt. Amalie Skrams firebandverk Hellemyrsfolket frå slutten av 1800-talet er eitt døme. Olav Duuns seksbandsverk Juvikfolke (utan -t), frå den tidlege mellomkrigstida, er eit anna.