Bøker

Skatten i leirkar

Dødehavstekstane har endra vårt syn på Bibelen, på den religiøse situasjonen på Jesu tid og på historia i Israel. Dei er no ein del av grunnlaget for omsetjing av Bibelen.

Dødehavstekstane vart funne for 70 år sidan. Det var eit sensasjonelt funn, men vi kunne ha gått glipp av det. Beduinane som fann dei første rullane og leirkrukkene, forstod ikkje kva dei hadde funne. Dei håpa at det var noko som kunne seljast, for eksempel lêret som teksten stod på, eller både lêr og tekst. Fleire fagfolk i Jerusalem vart inviterte til å sjå nærare på rullane. Somme av dei rekna med at det var falskneri, og vørde ikkje eingong å kasta eit blikk på dei. Andre fagfolk las dei, men forstod ikkje kva dei las. Skatten såg dei ikkje.

Den som først skjøna kva som var funne, var professor Elazar Sukenik ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem. Slik skildrar han oppdaginga: «Hendene mine skalv då eg opna ein av dei. Eg las eit par setningar – det var vakker bibelhebraisk. Språket likna Salmane. Eg såg og såg, og kjende at lagnaden hadde unnt meg å sjå ein hebraisk skriftrull som ingen hadde lese på 2000 år.»

Gjennom piggtråd

Dette var laurdag 29. november 1947 i eit loftsrom hjå ein antikvitetshandlar i Bethlehem. Sukenik heldt til på jødisk side av Jerusalem, og rullane vart funne på jordansk territorium, ved Jeriko. Men etter ei utruleg vilkårleg handtering av rullane, kom dei til Jerusalem, og Sukenik fekk sjansen til å sjå dei. Det første glimtet fekk han gjennom eit piggtrådgjerde i Jerusalem. Han stod på jødisk side, og ein armensk antikvitetshandlar heldt fram materialet på den andre sida. Det var måndag 24. november 1947, og han noterte i dagboka: «Eg såg at det var hebraisk skrift, men kunne ikkje finna ut av orda. Då eg spurde kva det var, fortalde han ei så fascinerande historie at eg nesten gløymde den kvalmande kjensla av piggtråden mellom oss.»

Historisk

I New York diskuterte FN samtidig ein plan for deling av Palestina, og spenninga mellom partane steig også i Jerusalem. Sukenik fekk av kona si forbod mot å dra over til den andre sida for å studera rullane. Sonen Yigael Yadin var offiser, og han var svært skeptisk. Alle rekna med at krigen ville bryta ut idet avstemminga i FN var over.

Fredag 28. november utsette FN avstemminga, og Sukenik såg dette som ei opning. Laurdag 29. kryssa han grensa, og tok arabisk buss til Bethlehem utan å fortelja familien om det. Der skjøna han kva som var funne. Han fekk låna med seg rullane, og sat i heimen same kvelden og las dei, samtidig som han lytta på radio til avstemminga i FN. Då det vart klart at Sovjetunionen også stemde for delingsplanen, visste Sukenik at han var vitne til to historiske hendingar: jødane ville igjen få ein stat, og folket ville få tilbake skrifter frå sist dei hadde ein stat.

Neste morgon bestemte han seg for å kjøpa rullane. Våren 1948 sat difor Sukenik og universitetet på tre manuskript: ein ufullstendig tekst til Jesajaboka, Krigsrullen og Salmerullen.

Selde rullane

Fire andre rullar hamna hjå den armenske erkebiskopen i Jerusalem. Han var i selskap med dei som ikkje skjøna kva dei hadde mellom hendene, men han tok rullane med til USA og prøvde å selja rullane gjennom ein annonse i Wall Street Journal i 1955. Via mellommenn kjøpte Yadin tre av dei på vegner av Israel for 250.000 dollar. Slik kunne han ta med seg heim eit manuskript til heile Jesajaboka, ein kommentar til Habakuk og Lovene for Fellesskapet. I 1965 opna han Shrine of the Book i Jerusalem, museet for Dødehavsrullane. Rullen som han kjøpte: heile Jesajaboka, kan der lesast i heile sin lengde i ein eigen monter.

I mellomtida hadde mykje skjedd ved Dødehavet. Arkeologar frå École Biblique på jordansk side i Jerusalem hadde starta utgravingar av ruinane i Qumran. Fleire holer med tekstar var funne rundt Qumran og på andre stader ved Dødehavet. Materialet auka, og fagfolk styrte prosessen. Men beduinane forstod at det var pengar å henta, så dei hadde sine eigne søkeoperasjonar.

Titusentals

Etter 70 år kan vi summera opp. Titusentals manuskript er funne i elleve holer ved Qumran og i andre holer. Avanserte metodar for tidfesting og analyse av materialet er utvikla. Det kjem frå om lag 1000 manuskript; rundt 200 av dei er av bøker i Det gamle testamentet. I tillegg kom det fram ein omfattande litteratur som vi ikkje kjende før funna. Tekstane er no profesjonelt publiserte i serien Discoveries in the Judean Desert, 39 bind i folioformat.

Frå 2002 av har det kome nye tekstar for dagen. Dei blir selde og kjøpte for store summar. Museum, universitet og privatpersonar er villige til å betala godt. Stort sett dreier det seg om falskneri. I mange år har det skjedd ei rivande utvikling på denne fronten. Alt frå mumiar til statuar, frå manuskript til gullgjenstandar blir framstilt av dyktige handverkarar, og mange har blitt lurde. Men fagfolk som vurderer funna, har til disposisjon gode nok verktøy til å avsløra forfalskingane.

Uendra

Verdien av dei ekte tekstane frå Dødehavet kan knapt vurderast høgt nok, enten ein snakkar om pengar eller innhald. Dei 200 tekstane til Det gamle testamentet har vist oss tekstsituasjonen på Jesu tid. I Qumran hadde dei fem forskjellige typar tekst. Den største gruppa er lik den masoretiske teksten som alltid har vore brukt av jødar og kristne. Det mest kjende manuskriptet er Leningrad-kodeksen frå 1008 e.Kr., og 60 prosent av bibeltekstane frå Qumran er praktisk talt identiske med han. Til denne gruppa høyrer Jesaja-manuset som Sukenik kjøpte. I 1000 år har altså denne teksten blitt overlevert uendra, og den var og er hovudteksten bak alle moderne bibelomsetjingar.

Den fullstendige Jesaja-teksten som Yadin kjøpte, er tydeleg forskjellig frå Sukeniks. Han tilhøyrer ei anna gruppe hebraiske tekstar, som av og til inneheld viktige lesemåtar. Då Jesus ifølgje Lukasevangeliet las frå ein rull med Jesajaboka i synagoga i Nasaret, kunne han lese ein av desse to typane.

Omdiskutert

Ei tredje gruppe tekstar er nokså lik den greske omsetjinga, Septuaginta. Denne skil seg tydeleg frå den masoretiske, særleg i Jeremiaboka. Mellom Qumrantekstane finst det hebraiske manuskript som viser at også mange andre bibelbøker eksisterte i fleire versjonar på Jesu tid.

Ei fjerde gruppe tekstar representerer ein tidleg versjon av den samaritanske teksten til Mosebøkene. Denne har vore kjent i Europa frå 1616 av, men no har vi tekstar frå 250 f. Kr. som liknar svært på han. Dei viser at Mosebøkene vart redigerte heilt ned mot Jesu tid.

Det er enno omdiskutert kva for ei gruppe som laga samfunnet i Qumran, og som tok vare på alle tekstane. Mange meiner det var essearane. Gruppa var i alle fall kritisk til tempeldrifta i Jerusalem, og forlèt hovudstaden ein gong på 100-talet f. Kr. for å laga eit nytt samfunn ved Dødehavet. Romarane gjorde det av med dei i 68 e. Kr.

Heldigvis hamna skriftene deira i holer rundt Qumran. Heldigvis vart tekstane funne 1900 år seinare. Og heldigvis fanst det fagfolk som oppdaga verdien av funnet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker