Religiøse ­karakterar i krise

Dei mest gripande religiøse karakterane i norsk litteraturhistorie er prega av å være i djup åndeleg krise. – Om ein er ærleg med seg sjølv, er det ikkje til å unngå, meiner Jan H. Landro, som har tatt for seg norske litterære karakterar i ny bok.

GUDSFRYKT: Enok Hove, her spelt av Vegar Hoel, er ein skikkelse i Arne Garborgs roman Fred frå 1882. Bildet er frå Garborgløypa, tatt under filminnspeling i 2016 i Garborgheimen. Her budde Eivind Garborg, far til Arne og modellen for Enok Hove.
Publisert Sist oppdatert

– Dette er eit kjærleiksprosjekt, seier mangeårig journalist og kulturredaktør i Bergens Tidende, Jan H. Landro. Han er aktuell med boka Frå Nora til Karl Ove der han presenterer ei rekke portrett av fiktive skikkelsar frå litteraturhistoria.

Kanon

Sjølv om samtalen om ein norsk kulturell og litterær kanon det siste året nådd opp til politisk nivå og spørsmålet om litterær rettesnor for norsk kulturarv engasjerer, har ikkje diskusjonane om kanon tvinga seg på i arbeidet for Landro. Vi finn fleire døme på haustens bok­lister på bøker som på ein eller annan måte tematiserer kanonisering av den norske litteraturen, men Landro sitt utgangspunkt har vore eit anna: Han ville skrive om fiktive skikkelsar i norsk ­litteratur som har gjort inntrykk på han. Resultatet er 86 portrett av litterære figurar frå norrøn sagalitteratur og fram til i dag.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS