Nordisk Råds litteraturpris snudde skuffelse til glede
I 16 år har Gyrðir Elíasson kjent seg oversett i Skandinavia.
– Det er blitt sagt at bøkene mine er ein rar miks av realisme og fantasy, og det er nok sant, seier vinnaren av Nordisk Råds litteraturpris 2011, Gyrðir Elíasson,
Privat
Det er ein glad islandsk forfattar Vårt Land får tak i på mobiltelefon etter tildelinga av Nordisk Råds litteraturpris i går. Gyrðir Elíasson hadde til liks med mange andre trudd at Beate Grimsrud skulle få prisen. Så var det i staden hans eiga bok, Milli trjánna (Mellom trea), som blei premiert.
– Eg tenkte på noko heilt anna. Eg sat og skreiv, og følgde mine vanlege rutinar. Så fekk eg vite at eg hadde vunne. Eg blei veldig glad, seier han.
Uinteressant for Noreg. Gleda står i motsetning til skuffinga han har kjent sidan midten av 1990-talet. Midt i gledesrusen held ikkje Elíasson attende at han har kjent seg oversett, i negativ forstand.