Bøker

Næfæsj

Helt gresk: Næfæsj betyr «sjel» – så ­kvifor har sjela forsvunne frå bibelomsetjingane?

I 1938 heitte det at «Herren­ Gud skapte mannen av mold or marki og bles livsens ande i nosi hans, og mannen fekk sjel og liv» (1 Mos 2,7). Men i 1978/85 og 2011 «vart mannen/mennesket til ein levande skapning», og sjela var borte. Kva har skjedd?

Næfæsj er brukt saman med «levande» i skapinga av mennesket. Heile uttrykket finst også om fiskane i 1 Mos 1,20, om dyra i 1 Mos 1,24, om dyra, fuglane og krypdyra i 1 Mos 1,30, og om dyra og fuglane i 1 Mos 2,19. Dersom ein vil bruka «sjel» i tilfellet mennesket, må også dei andre skap-­ningane få sjel. Skal ein vera konsekvent, vil dyra, fiskane, krypdyra og fuglane ha sjel i 1. Mosebok.

Dei fleste bibelomsetjarar vegrar seg for ei slik forståing. Konsekvens er bra, men her møter han grenser. Då ser dei ein gong til på ordet for å finna ut kva det i grunnen betyr.

Næfæsj har fleire tydingar. I 1 Mos 12,5 står det at Abraham på ferda til Kanaan tok med seg familien,­ eigedomen og alle dei sjelene som han hadde skaffa seg i Haran. Her kan det ikkje dreia seg om sjeler, men om slavar. Lovene for øvstepresten i 3 Mos 21 forbyr han å gå inn til «ei død sjel», sjølv til hans eigne foreldre. Det må då vera tale om døde menneske, altså lik, ikkje om «ei død sjel». Når Sodoma og Gomorra blir øyde­lagde, skal Lot og familien «røma på grunn av sjela», rett og slett «røma for livet», 1 Mos 19,17.

Ein høyrer av og til at ein skal omsetja som det står, ord for ord, konkordant. Tanken er å omsetja konsekvent. Uansett kva ein kallar det, kan eit slikt prinsipp bli ei tvangstrøye før ein har kome gjennom dei første par sidene av Bibelen. Næfæsj sprengjer tvangstrøya, og ein må sjå etter andre metodar for omsetjing.

Tanken om dynamisk ekvivalens har vore ­lansert som alternativ metode. Omsetjinga skal skapa same dynamikk som grunnteksten. Tanken vart fremja av den kjende misjonæren og omsetjaren Eugene Nida. Ideen er god, men også den har sine grenser.

Ein tredje metode er kalla idiomatisk. Målspråket bestemmer korleis ein omset. Også denne ideen er god, men kan ikkje gjennomførast konsekvent. Også desse metodane får sin lakmustest i møte med næfæsj. Målspråket og kulturen manglar ofte den dynamikken eller den samanhengen som ­Bibelen har. Ein omsetjar kan bli desperat, som er bra, for desperasjonen er mor for kreativiteten.

Så kva tyder næfæsj? Her er nokre tydingar: person, personlegdom, folk, liv, pust, strupe, ­indre liv, og, ja: sjel. Det er samanhengen som viser kva tyding som er aktuell. Slik er det med næfæsj, ­akkurat som med menneske.

Magnar Kartveit er professor emeritus ved VID vitenskapelige høgskole.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker