Næfæsj
Helt gresk: Næfæsj betyr «sjel» – så kvifor har sjela forsvunne frå bibelomsetjingane?
I 1938 heitte det at «Herren Gud skapte mannen av mold or marki og bles livsens ande i nosi hans, og mannen fekk sjel og liv» (1 Mos 2,7). Men i 1978/85 og 2011 «vart mannen/mennesket til ein levande skapning», og sjela var borte. Kva har skjedd?
Næfæsj er brukt saman med «levande» i skapinga av mennesket. Heile uttrykket finst også om fiskane i 1 Mos 1,20, om dyra i 1 Mos 1,24, om dyra, fuglane og krypdyra i 1 Mos 1,30, og om dyra og fuglane i 1 Mos 2,19. Dersom ein vil bruka «sjel» i tilfellet mennesket, må også dei andre skap-ningane få sjel. Skal ein vera konsekvent, vil dyra, fiskane, krypdyra og fuglane ha sjel i 1. Mosebok.
Dei fleste bibelomsetjarar vegrar seg for ei slik forståing. Konsekvens er bra, men her møter han grenser. Då ser dei ein gong til på ordet for å finna ut kva det i grunnen betyr.
Bestill abonnement her
KJØP