Mennesket i naturen
Skandinaviske forfattarar er i ferd med å vakne til klimakamp. Men dei vil ikkje ha mennesket i sentrum av skaparverket.
Der politikarane nøler med å ta i bruk verkemiddel som kan gå ut over den norske velstanden, går forfattarane i front og manar til etisk ansvar, skriv kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Det går ein straum av økologi og klimamedvit gjennom forfattarstanden i landet. Straumen er langt ifrå skitten. For der politikarane nøler med å ta i bruk verkemiddel som kan gå ut over den norske velstanden, går forfattarane i front og manar til etisk ansvar.
Forfatternes klimaaksjon blei etablert i fjor, med tilføyinga «§110b». Namnet viser til den såkalla miljøparagrafen i Grunnlova, som blant anna seier at alle har rett til eit «Milieu som sikrer Sundhed og til en Natur hvis Produktionsævne og Mangfold bevares.» Paragrafen stammar frå 1992, då han vart samrøystes vedteken i Stortinget. Forfattarane saknar likevel at miljøparagrafen får ein sentral plass i det kollektive medvitet vårt. Espen Stueland, leiar av Forfatternes klimaaksjon, skreiv eit essay i Morgenbladet tidlegare i år der han mellom anna peikte på at forfattarane – som språkkjennarar – kan vere med på å synleggjere dei framtidige skadane på klimaet, og vekke til engasjement som bremsar den negative utviklinga.
Når til dømes Framstegspartiet kjem fram til at det mest miljøvenlege Noreg kan gjere er å pumpe opp mest mogleg olje og gass, som miljøpolitiske talsmann Oskar Grimstad sa til Dagsavisen i går, er dette eit synspunkt som fort kan vekke forfattarane til fornya klimainnsats.