Kvifor skal Norge sitte til bords med dei mektige i FNs sikkerheitsråd?
Diskusjonen bør handle meir om kva Norge kan utrette i Sikkerheitsrådet, skriv Emil André Erstad om ny bok.
I desse dagar blir det kjent om Norge får ein plass rundt bordet til FNs Sikkerheitsråd. Her diskuterer rådet i New York krisa i Korea i 1968.(Foto: AP Photo/NTB Scanpix/Ap)
Har du nokon gong vore på ein fest der du ikkje har følt deg heilt velkomen, der du har tenkt at resten av festen er i ein divisjon eller ti høgare enn deg og ingen eigentleg vil snakke med deg? Eg veit ikkje om det å bli ein del av FNs sikkerheitsråd kan samanliknast med å delta på Aschehougs hagefest, men det var i alle fall den assosiasjonen eg fekk då eg las Tove Gravdals Til bords med de mektige – historien om Norge og FNs sikkerhetsråd.
Åleine i hjørnet
Eg har vore på Aschehougs hagefest eit par gonger – eg anar ikkje kvifor eg har blitt invitert – men har pliktskyldig stilt opp. Begge gongene har eg kjent under ei handfull av dei frammøtte på ein av dei største mingleplassane for kjendisane i litteratur- og kultur-Norge. Kvar gong eg prøvde å snakke med nokon, var det ingen som gadd å høyre på i meir enn eit par minutt. Mesteparten av tida vart eg ståande åleine med ein lunka øl i eit hjørne.
Bestill abonnement her
KJØP