'Kven får lov til å snakke, og kven må tie?'
Haugianarane og Hauge var banebrytande, meiner Trygve Riiser-Gundersen. – Dei braut reglane for kven som får lov til å snakke. Dei gjorde det systematisk, på ein måte som ikkje er gjort før.
Norske kyrkjehistorikarar har vore alt for fromme til å skrive om politikk, og norske historikarar har ofte vært for fordomsfull til å forstå at det som er fromt også kan være politisk. Hauge og haugianarane har falt mellom alle stolar, hevdar Trygve Riiser Gundersen.
Jan Langhaug
Forfattar og redaktør Trygve Riiser-Gundersen har skrive fleire vitskaplege arbeid om Hans Nielsen Hauge og haugianervekkinga, og skriv no på ei bok om den tidlige vekkinga. Han er oppglødd over Komme til orde, og seier Hauge og haugianismen aldri har blitt plassert inn i den politiske historia slik Johansen gjer det.
– Norske kyrkjehistorikarar har vore alt for fromme til å skrive om politikk, og norske historikarar har ofte vært for fordomsfulle til å forstå at det som er fromt også kan være politisk. Hauge og haugianarane har falle mellom alle stolar.
Indremisjonens versjon