– Kritikken blir betre med bibelkunnskap
James Wood er ein av verdas fremste litteraturkritikarar. Han er glad for å ha vakse opp i eit kristent miljø der det stod noko på spel.
– Oppgåva for kritikarane har tidlegare vore å gripe fatt i dei politiske kampane som er viktige for samfunnet. Eg meiner at religionen no har tatt rolla til politikken. Å ikkje vere i stand til å snakke om dette, er eit stort problem, seier James Wood.
Alf Kjetil Walgermo
I Noreg er han kanskje best kjent for å ha gitt Karl Ove Knausgård gode kritikkar i USA. Men James Wood er ein av verdas fremste intellektuelle, både som professor i litteraturkritikk ved Harvard, som profilert essayist og som kritikar i det kredible amerikanske magasinet The New Yorker. Mange litteraturinteresserte kjenner boka How Fiction Works. Men Wood har også skrive mykje om litteratur og religion, blant anna essaysamlinga The Broken Estate. Essays on Literature and Belief.
– Litteratur og religion er noko som interesserer meg. Til dømes korleis somme forfattarar ikkje heilt klarer å forlate kristendommen, men stadig vekk vender attende til tematikkar som skam, tilgiving og sjølvstraffing. J. M. Coetzee og Cormac McCarthy er to gode døme, seier Wood til Vårt Land.
LES MER: De glemte forfulgte
Bestill abonnement her
KJØP